Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under spørjetimen onsdag der han, der han mellom anna måtte svara på spørsmål om Ringeriksbanen.

Argumenta smuldrar bort, Jon-Ivar Nygård

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har informert Stortinget om at fordelen med å bygge Ringeriksbanen/E16 som eit fellesprosjekt er mindre enn antatt, utan å legge fram tal. I eit svar til Hallingdølen stadfestar Nygård at han ikkje bygger på nokon «spesifikk gjennomgang», men at samfunnsnytta «ikkje viser seg å vera like fordelaktig som ein hadde håpt». Heller ikkje her legg han fram tal.

Nygård balanserer på knivseggen om dagen. Etter dei siste ordskifta er det grunn for å spørje om han har feilinformert Stortinget. Alle veit kva konsekvensar slikt har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringeriksbanen er eit viktig samferdselsprosjekt, nasjonalt og regionalt. Ein times nedkorting på Oslo-Bergen betyr at toget posisjonerer seg i kampen mot fly mellom våre to største byar. Med hyppige avgangar løyser Ringerike utfordringar til Stor-Oslo, og toget styrkar både pendling og grøn turisme for landets største reiselivsregion, Hallingdal.

Dei fyrste planane skriv seg tilbake til 1871. Så kom Rieberplanen i 1954. Men det skulle gå heilt til 1992 før Stortinget, i samband med stamveg-avgjerda, vedtok å bygge Ringeriksbanen.

Solberg-regjeringa tok tak i 92-vedtaket, lyfta fellesprosjektet over i Nye Veier som sidan har optimalisert prosjektet med 5,8 milliardar - til 36 milliardar - og stod klar til å starte bygging etter ferdig vedteken reguleringsplan.

Det er i denne situasjonen samferdselsministeren på syltynt, ja på grensa til feilaktig grunnlag, vil ta frå Nye Veier oppdraget. Argumentet om å samle jernbanekompetansen i Bane NOR er kanskje fornuftig for framtidige prosjekt, men er ikkje relevant for eit prosjekt som er meir enn byggeklart. I siste svaret til Hallingdølen hevdar Nygård at samfunnsnytta er mindre enn han hadde håpt. Det me har av tal viser at samfunnsnytta gjennom optimaliseringa i Nye Veier er forbetra frå minus 0,7 til minus 0,4 og er det mest lønsame fellesprosjektet veg/bane.

Det Nygård og regjeringa oppnår med å splitte fellesprosjektet er å ikkje bygge Ringeriksbanen. Det står i grell kontrast til det Ap og Sp lova før stortingsvalet. Nye Veier vil truleg få bygd ny E16, sannsynlegvis i ein sterkt nedskalert versjon, mens Ringeriksbanen blir liggande nedstøva i ein statleg skuff.

Dette er å gå baklengs inn i framtida. Å bygge veg og droppe jernbane er ikkje ei miljø- og klimaløysing i 2022.

No må andre i Ap og Sp røske tak i sine eigne og forlange at Ringeriksporteføljen blir verande i Nye Veier. Partia er ikkje tent med ein samferdselsminister som destruerer ein 150 år gammal draum om jernbane mellom Hønefoss og Sandvika. Det står heller ikkje til truande viss SV i budsjettforhandlingane let dette skje. Partiet sat att med Svarte-Per då dei støtta Ap om stamvegen i 1992 mot lovnad om Ringeriksbanen. Audun Lysbakken kan ikkje ein gong til finne seg i å bli Svarte-Per saman med innbyggjarar og næringsliv langs Bergensbanen frå Oslo til Bergen.