Spent latter på felles valvake i Hemsedal. Frå h.: ordførar Pål Rørby (Sp) og utfordrarane, ordførarkandidat Richard Taraldsen (H) og Janne Brøndbo (Ap).

Alle stemmer tel

Årets kommuneval i Øvre Buskerud er beviset. Dei som let vere å stemme, og begrunna dette med at «mi stemme betyr ikkje noko», tok feil. 2023-valet er eit skuleeksempel på at alle stemmer tel.

Oppteljinga har gjeve fleire tette løp både mellom dei ulike listene, og mellom enkeltpersonar. I Nesbyen skil det 17 stemmer mellom dei tre største partia. I prosent er spriket, mellom dei tre, frå 30 til 31 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Flå mangla Bygdelista to stemmer for å vippe Merete Gandrud (Ap) ut av ordførarstolen ved hjelp av eigne krefter. Helga kan gå med til intense forhandlingar der Senterparitet sit med jokeren.

Valdeltakinga er også eit moment som er verd å merke seg når det gjeld Flå. Bygda har også denne gongen den høgaste frammøteprosenten i vårt område.

Over sytti prosent er om lag fem prosent over landssnittet. Det er også ei deltaking som gir god legitimitet, til eit superjamt resultat.

Spenninga ved dette valet har vore stor, både i Flå og dei andre kommunane. Det er difor lett å forstå Merete Gandrud, når ho overfor Hallingdølen, med godt humør, gir uttrykk for at ein utset seg for noko spesielt når ein stiller til val.

Valkvelden og spenninga som høyrer til denne er ei sak. Det er også kjensler knytt til å sjå stemmetal, slengartoppen og personstemmer presentert offentleg. Til det er å seie at valet er hemmeleg, men resultata må vere opne.

Spelet kan vere brutalt. Me skal difor vere takksame for at folk stiller opp på listene. Den takksemda kan me vise ved å stemme, og ved å delta i debatten om lokalpolitikken på ein ordentleg måte. Uansett kva forum me vel å nytte.

Me håpar dette valet har opna augo på mange heimesittarar. Lokalval er spennande. Det er konkret og det er viktig. Det handlar om lokale folk, og om lokale saker. Kvar stemme tel, og det er grunnleggande viktig å delta.

Hallingdølen lovar å gjenta denne oppmodinga utover seinsommaren 2027.

Artikkelen held fram under annonsen.