Absurde endringar

Ein underleg debatt dei siste dagane har mellom anna handla om ordet «enorm» er betre enn ordet «tjukk», og om «ekkel» er eit betre uttrykk enn «stygg». Det har vore på grensa til absurd å lese kva som har skjedd med Roald Dahls verker i Storbritannia.

Rettigheitshavarane til Roald Dahl har gjort hundrevis av endringar i dei «udødelege» barnebøkene hans, klassikarar som har stått seg i tiår etter tiår. Ei gruppe med «sensitivitetslesarar» har gått laus på Dahls verk med raud penn. Dei har stroke, omformulert - og til alt overmål også lagt til avsnitt. Oppdraget deira har vore å peike på språk som kan vere krenkande og stereotypisk. Dei fann tydelegvis nok av døme på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Norge er det Gyldendal som gir ut Roald Dahl. Dei har til slutt landa på at dei ikkje vil ta inn alle endringane. Ei klok avgjerd.

Det er i utgangspunktet ingen dårleg idé å gjere endringar i litteraturen når det trengst - særleg i barnebøkene. Pippi Langstrømpe er eit godt døme på det. Om hennar pappa framleis skulle blitt kalla «negerkonge», ville det vore svært forvirrande for ungar som veks opp i dag. Det hadde vore vanskeleg for dei å skjøne at ordet ikkje var meint nedsettande den gongen det vart skrive.

Men om ei gruppe menneske skal ta på seg krenkebrillene og rette litterære verk etter skjønn, er me på ein skummel kurs. Heldigvis er det ingen norske forlag som så langt har tatt i bruk «sensitivitetslesarar», men me kan lese at det etter kvart har blitt vanleg i Storbritannia. Me får håpe denne bølgja ikkje når Norge også.

Mange forfattarar har sjølv ønska å endre ord eller vendingar i eigne verk, uttrykk eller omtale som ikkje lenger er gangbart. Det må sjølvsagt vere greitt. Det er forfattarens åndsverk. I tilfellet med Roald Dahl er situasjonen ein heilt anna. Uttrykk blir endra fordi desse lesarane meiner dei ikkje er politisk korrekte nok. Dei har bestemt at ordet «enorm» er meir gangbart enn «tjukk». At «rumpe» må bli erstatta med «bakpart». I boka «Heksene» har ein kvinneleg karakter som jobba i kassa og som sekretær i staden fått jobb som toppforskar og butikkdrivar.

Litteraturen må bli forstått ut frå tida den er skrive. Å gå gjennom alle bøker som er gitt ut og tilpasse dei til samtida er sjølvsagt ei umogleg oppgåve. Å gjere om på det småfrekke språket til Roald Dahl rokkar i tillegg ved heile hans stil, og vil ta vekk det som har gjort bøkene hans så populære.