Bandet Valentourettes blir omtala som eit  tributeband. Laurdag kjem bandet til Nesbyen.
Bandet Valentourettes blir omtala som eit tributeband. Laurdag kjem bandet til Nesbyen.

Valentourettes på Hjørnet Live

Hjørnet Live Nesbyen presenterer laurdag 18. februar bandet Valentourettes.

Joachim Nielsen starta i 1982 bandet Jokke & Valentinerne som frå debutalbumet «Alt kan repareres» i 1986 til oppløysinga etter «Alt kan repeteres» i 1994 oppnådde legendestatus som eit av Norges viktigaste band gjennom tidene. Jokke & Valentinerne er saman med De Lillos, Dum Dum Boys og Raga Rockers kjent som «dei fire store i norsk rock». Bandet fekk Spelemann for albumet «Frelst» i 1991 og frontfigur Nielsen gav det forsiktige NRK-Norge ein kjempeskandale då han var tydeleg overbørsten på scena under overrekkinga. Alkohol og dop var gjennomgåande tema både i Jokke sine tekstar og det altfor korte livet hans.

Etter «Valentinerne» slo Joachim Nielsen seg saman med bl.a. Petter Baarli frå Backstreet Girls og starta «Jokke med Tourettes». I mellom desse banda hadde han gitt ut soloalbumet «Nykter» i 1996. Med Tourettes leverte Jokke ein enda meir gitarbasert rock og gav ut to album (1997 og 1999) som framleis løfta fram «Verdiløse menn» frå Oslos meir mørklagde gater men også tok eit oppgjer på ironisk skarpt vis med den hippe musikkbransjen og ryggsleikinga i kjendisverda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Joachim Nielsen greidde dessverre ikkje å kontrollere sitt rusmisbruk og i ein permisjon frå Tyrilikollektivet for å starte på innspeling av eit nytt album, døydde han av ein overdose heroin 17. oktober 2000, berre 36 år gammal.

Men som så ofte når ein stor kunstnar går bort, får kunsten hans eit endå større løft og låtane til Jokke har utvikla seg til å bli blant tidenes mest spelte i alle radiokanalar, og etter uoffisiell statistikk – på dei fleste nachspiel.

I forkant av Stavanger Punkrockfestival i 2003 slo nokre av Jokke sine tidlegare bandmedlemmer seg saman og framførte Jokke sine låtar under det kompromissfulle namnet Valentourettes. Prosjektet blei ein kjempesuksess og under ulike konstellasjonar har bandet halde fram og er i dag eit av Norges mest populære liveband.

Valentourettes blir kalla eit tributeband, men med den nærleiken desse musikarane har til Jokkes musikk, er dei mykje meir ein svært vellukka vidareføring av Jokke sine originale band. Dei spelte over 30 konsertar i 2016, bl.a. ein fantastisk energiutblåsing på Sundreball på Ål. Dei var også sjølvsagt val av band når musikalen «Verdiløse menn» blei sett opp av broren til Jokke, teikneserieforfattar Christopher Nielsen i 2007/08. Musikalen gjekk for fulle hus i lange tider.

Bandmedlemmene i dag er «Tarjei Fosshaug» vokal, Petter Baarli (gitar), Petter Pogo (bass) og Rune Johannessen (trommer). Det viktigaste bandmedlemmet er kanskje ifylgje bandet sjølv likevel publikum, som med sin allsong, innleving, skåling og skråling alltid lagar ein atmosfære Jokke verdig. Dette blir ein sjeldan sjanse til å oppleve norsk rockehistorie.