Hestekøyring med Knut Halvor Krusedokken er alltid eit populært innslag på aktivitetsdagane på Hallingdal Museum.
Hestekøyring med Knut Halvor Krusedokken er alltid eit populært innslag på aktivitetsdagane på Hallingdal Museum.

Triveleg på museet

Mange gjorde som familien frå Hemsedal laurdag. Dei tok turen til Hallingdal Museum.

– Skål, seier Tomek Szreniawa med eit glas med saft i handa.

Han hadde teke seg kona Kerstin Amm og dottera Hanna Sofia til Nesbyen for å oppleve Markens Grøde. Med seg hadde dei også Hanna Sofias venninne, Marianna Tomaniak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fast på museet

Dei var fire av 254 betalande som var innom det årvisse haustarrangementet.

Opphavleg er han frå Polen og kona Kerstin er frå Tyskland. Men dei må til Hallingdal Museum minst eit par gonger i året.

– Her er me kvart år. Me får med oss alle aktivitetsdagane her, seier Tomek fornøgd.

Tomek Szreniawa tok med seg kona Kerstin Amm og dottera Hanna Sofia til Nesbyen for å oppleve Markens Grøde. Med seg hadde dei også Hanna Sofias venninne, Marianna Tomaniak.
Tomek Szreniawa tok med seg kona Kerstin Amm og dottera Hanna Sofia til Nesbyen for å oppleve Markens Grøde. Med seg hadde dei også Hanna Sofias venninne, Marianna Tomaniak.
Marit Torsrud Nerol serverte grønsaksuppe med grønsaker frå Nerol andelshage i Hol.
Marit Torsrud Nerol serverte grønsaksuppe med grønsaker frå Nerol andelshage i Hol.
Are Noreng assistert av Hallingdal Museums Knut André Huse pressa eple til saft.
Are Noreng assistert av Hallingdal Museums Knut André Huse pressa eple til saft.

Fornøgde er Hanna Sofia og Marianna også.

– Det var godt, seier jentene om safta dei akkurat har smaka på.

– Artig på museet ein laurdag?

– Ja, det er veldig artig å vere her. I stad tok me ein køyretur med hest, seier dei før dei hastar vidare til neste aktivitet.

– Me likar oss her, seier Tomek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitetar

Og det var det fleire som gjorde også.

For det kom mykje folk til Markens Grøde. Her var det køyring med hest, smeden var på plass i smia og Johannes Høva var sjølvsagt på plass med nokre av dei spesielle traktorane frå samlinga. Elles er mat fast del av menyen under Markens Grøde. I år var temaet oppbevaring og konservering, og her vart det demonstrert graving av fisk, tørking av kjøtt, fermentering av grønsaker og safting. Og med flott haustvêr vart det, som vanleg, ein triveleg familiedag på museet.