Det er vel mest som musikar og skodespelar me kjenner Kjetil Lilleaas best. Han spelte to songar under opninga.
Det er vel mest som musikar og skodespelar me kjenner Kjetil Lilleaas best. Han spelte to songar under opninga.

Tok friår for å teikne

I eitt år tok Kjetil Lilleaas fri frå arbeid for å teikne og måle. Resultatet stiller han ut i Galleri Gol.

Mann med briller

på ein flott haustdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har noko å fortelje.

Frå musikk til strek

Orda ovanfor er ei lett omskriving av teksten på bilete nummer 60 i utstillinga Lilleaas opna i Galleri Gol laurdag.

Men den skulle passe bra. For Lilleaas, heimvend goling denne helga, har i ei årrekkje vore mest kjend på lokale scener som skodespelar og musikar. No leikar han seg med både ord og strek og måling.

Kjetil Lilleaas var stolt av å kunne ha si aller fyrste kunstutstilling i Galleri Gol. Mange kjende hadde møtt op til opninga.
Kjetil Lilleaas var stolt av å kunne ha si aller fyrste kunstutstilling i Galleri Gol. Mange kjende hadde møtt op til opninga.

– Eg har alltid teikna. Utgangspunktet for denne utstillinga er skissebøker eg har hatt i alle år, fortel Lilleaas.

Men det er fyrst det siste året han har teke det store spranget. Læraren ved Romerike folkehøgskole tok eit friår for å teikne og måle. Han gjorde om ei leilegheit til atelier.

– Så slengde eg berre frampå eit spørsmål til galleriet her om dei var interesserte i ei utstilling.

Det kjem meir

Og det var sjølvsagt den lokale kunstforeininga.

Det vrimla med gamle kjende i galleriet laurdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veldig artig. Spennande å ha utstilling for fyrste gong, sa Lilleaas medan dei raude lappane som symboliserte «seld» kom opp ved sida av bileta hans både her og der.

– Eg har lagt meg på svært overkommelege prisar, men så spelar ikkje det noko rolle for meg heller.

– Har du meir på lager?

– Eg har mange idear, men eg tek det som det kjem.

Og lurte du på om Kjetill Lilleaas spelte DEN songen under opninga, så gjorde han det. «Jaktvise» frå plata «Ta ein køpp te» er og blir ein hallingklassikar. Men no er det altså andre historier han fortel. Med strek og pensel.