Over kaffikoppen: Sigves betraktningar.

Ting tek tid

AT TING tek tid, er noko alle veit. Og begrepet er ikkje av ny dato.

Visste du at det tok 145 år før komponisten Joseph Haydn vart gravlagd på sømmeleg vis?

Artikkelen held fram under annonsen.

Du veit, Haydn, Mozart, Beethoven og den gjengen der?

Han døydde i høg alder. 77 år var sikkert mykje den gongen, i 1809.

Då dei gravla han, skar dei hovudet av han.

Den gongen var det nemleg ein vitskap (trudde dei) som vart kalla for frenologi. Denne vitskapen gjekk ut på at ved å studere kraniet til eit menneske, kunne ein finne fram til vedkomande sine evner og eigenskapar og kvar dei sat.

I Haydn sitt tilfelle var dei interesserte i å finne ut kvar i hovudet det «geniale» sat, altså evna til å komponere flott musikk.

NO TRUR EG vel at dei ikkje vart så mykje klokare, og i dag er frenologien gløymd. Men hovudet til stakkars Haydn vart sett bort i eit mørkt skap. Så førte det eit omflakkande tilvære. Det blir sagt at komponisten Brahms hadde det ståande på flygelet sitt medan han komponerte sine store verk.

I 1954 vart det funne i arkivet til ein musikkhistorisk organisasjon. Og då var det nokon som kom på at det burde bli jorda på høvisk vis.

Og dermed vart Joseph Haydn graven opp og gravlagt på nytt. Denne gongen med hovudet på plass. I 1954. 145 år etter sin død.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei makaber historie, med ein lukkeleg slutt. Tvilar du, er det berre å slå opp i leksikon.

Det tok altså si tid. Men det har me vel erfart, nokon kvar av oss?

Ein gong tidleg på hausten var eg så lettsindig å bestille noko frå ein nettbutikk. Ikkje store greia, men umogleg å skaffe her heime. Nemleg nytt skinnomslag til ein fem år gammal mobiltelefon. Same i kor mange butikkar eg har spurt, har svaret vore «nei, det har me dessverre ikkje, den er for gammal».

Men på nettet fann eg det. Og bestilte.

Det varte og det rakk. Eg sjekka postkassa mi kvar dag (unntatt laurdagar) i fleire veker. Men nei. Inga sending. Derimot fann eg ut at nettbutikken høyrer heime i Kina. Og når noko skal sendast frå Kina, kan ting ta tid. Når eg purra, fekk eg eit høfleg svar: «Sendinga er undervegs».

Så dukka den plutseleg opp, etter to månader. Berre for å vise seg å vere feil produkt. Sukk. Bortkasta tid og pengar. Moralen er: Netthandel kan vere så mangt, og ikkje alt er like bra.

NO SKAL EIN ikkje berre klage. Det finst også lyspunkt. Som t.d. Posten.

Ein måndag for noko sidan, sende eg eit postkort til venninna min på Nordvestlandet, der det stod at «eg kjem fredag». Frå måndag til fredag er det fem dagar. Då eg faktisk kom fram fredagen, kom også postkortet fram. Samtidig. Det er vel ei solskinshistorie, vel?

Artikkelen held fram under annonsen.

God vinter, og pass på hovudet.

Sigve.

Over kaffikoppen: Sigve