Norsk Bremuseum i Fjærland.
Norsk Bremuseum i Fjærland.

Til ære for Sverre Fehn

Knut Bry er sentral i installasjonen «Horisonter» som fredag opnar i DogA, Norsk arkitekt og designsenter i Oslo.

Installasjonen er ein hyllest til den kjende arkitekten Sverre Fehn. Musikarane Arve Henriksen og Eirik Raude har halde ein serie på fem konsertar i tilsvarande mange bygg rundt i landet som er teikna av Fehn. Eitt av desse er Norsk Bremuseum i Fjærland.

Utforsking

Konsertane har vore ei utforsking av «musikk i rom, med utgangspunkt i Fehns ideologi. Trompet, slagverk og elektronikk møtte bygningenes betong, glass og tre, dens omgivelser og mennesker til stede» heiter det i informasjonen rundt opninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parallelt med konsertserien reiste Knut Bry rundt og tok bilete i og rundt byggverka, og av konsertane. Lydsamlar Bjarne Kvinnsland tok opp lydane som er i og rundt bygga. Alt dette materialet er no blitt samla i ein installasjon som opnar fredag og blir ståande til 21. september.

Spesialteikna

Installasjonen «Horisonter» er plassert i eit spesialteikna rom som er fylt med bilete og lydar. Arve Henriksen og Eirik Raude spelar. I konserten «samler de to musikerne sammen de musikalske opplevelsene fra Fehns bygg, der installasjonsrommet også, med sine former, bilder og lyder, omgivelser og publikum, får sin egen performative hendelse», for å sitere innbydinga til installasjonsopninga.