På biletet er f.v. Torun Torsteinsrud, Lars Luksengard og Anita Borrmann Skoglund.
På biletet er f.v. Torun Torsteinsrud, Lars Luksengard og Anita Borrmann Skoglund.

Tidenes kinoår

Ål kommunale kino har ikkje sett høgare besøkstal sidan 1998.

– Det er heilt sjukt, seier kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.

Toppar alle statistikkar

I løpet av 2016 gjekk heile 24.679 personar på kino i Ål kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt fantastisk gode tal, og truleg ein all-time high. Det har generelt vore eit godt kinoår, men på Ål har me toppa alle statistikkar nesten kvar månad, seier Skoglund fornøgd.

I 2015 runda besøkstalet ganske nøyaktig 20.000. Det gjev ein oppgang på kring 20 prosent.

– Me måtte investere i nytt 3D-system tidlegare i haust, og då er det bra at folk brukar kinoen. Eg trur og at ein del hyttegjester har oppdaga oss, og så har me mange besøkande frå nabokommunane. Folk er rett og slett flinke til å bruke tilbodet me har på Ål.

Med hjarte for norsk film

Fire av fjorårets mest sette filmar er norske. På toppen tronar «Børning 2», med nesten 2000 besøk.

– Heilt utruleg, og veldig moro. Norsk film har vore usedvanleg god. Det verkar som om publikum har vorte tryggare på det også, seier Skoglund.

– Har du ein personleg kinofavoritt frå 2016?

– «Kongens nei» var jo heilt fantastisk, og er vel kanskje den beste filmen eg såg i fjor. Som mor slepp eg ikkje unna, og må pent sjå alt av barnefilmar også. Men der har det vore mykje bra.

Folkeopplysning

I tillegg til fleire visningsdagar baud også kulturhusleiinga på to nye konsept i 2016, med seniorkino og nokre utvalde, litt smalare, filmperler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fordelen med å jobbe med kino er at me får sjå ein del smalare filmar, og alt frå skrekk til humor og drama. Ofte går folk på storfilmane, og gløymer resten. «Perfekte fremmede» er eit godt døme på ein slik film som kanskje blir gløymt. Men han set tankane i sving og får hjartet til å dunke litt ekstra. Me har starta eit konsept som heiter «litt smalare», men det er eigentleg eit litt farleg begrep. Kan hende me må døype det om. Der ligg filmar som er veldig, veldig verdt å sjå, men som massane ikkje går på. Me prøver å oppdra publikum til å sjå filmar som dei elles ikkje ville ha sett, seier Skoglund.

Suksessoppskrifta

– Fungerer det?

– Me veit at det er ein gjeng på Ål som vil starte opp att med filmklubb, til stor applaus frå oss. Kanskje kan me få til ei fast framsyning eit par gonger i månaden. Då kan me vise desse litt smalare, men gode filmane.

Med eit hav av gode filmar å velje mellom, sit kulturhusleiinga med eit luksusproblem når kinoprogrammet skal spikrast.

– Det fungerer veldig godt slik me gjer det no, og me begynner å kjenne publikum godt. Me prøver å velje ut ifrå det publikum vil sjå, og kva me meiner at dei bør sjå. Me må våge å ta inn dei filmane som ikkje trekkjer 2000 sjåarar.

Kino med bind for auga

I 2017 heldt kinoprogrammet fram i same stil, med ein kombinasjon av breitt og smalt. Komande trekkplaster er mellom anna neste film i Fifty Shades-trilogien og ein kinodokumentar om tenåringsidola Marcus og Martinus.

– Den fyrste Fifty Shades-filmen trekte faktisk ikkje så mykje publikum på Ål. Førehandssalet til «Fifty Shades Darker» har ligge ope lenge, men har førebels hatt moderat sal. Eg veit ikkje kva det skuldast ..., ler kulturhusleiaren før ho tek ein kort pause. – Det er framleis mogleg og få seg ei erotisk oppleving på kino, om ein tør ... Det går jo an å ta på seg eit slikt augebind, om det blir for mykje. Eg oppfordrar folk til å ta turen, fortset ho.

Førehandssalet til filmen om Marcus og Martinus har derimot gått strålande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Satsar ikkje lågare

Trass i veksande konkurranse frå streaming-gigantar som Viaplay og Netflix, har altså besøkstala til kinoar over heile landet nådd ein topp.

– Konkurransen til kino har aldri vore større, men likevel aukar kinobesøket. Det er fascinerande. Eg trur rett og slett folk har fått opp att auga for kinoopplevinga. Me tek med oss ungane, kjøper popkorn og nyt heile settingen. Det er noko heilt anna enn å sjå film heime i sofaen.

– All-time high i 2016. De satsar ikkje lågare no?

– Nei, me knallar på. I fjor utvida me med laurdagsfilmar. Og det blir ikkje mindre, for å seie det slik.

Besøkstoppen på Ål kino 2016:

1. Børning 2, 1.914 publikummarar

2. Kongens nei, 1.665 publikummarar

3. Et helt halvt år, 1.005 publikummarar

4. Birkebeinerne, 993 publikummarar

5. Mannen fra Snåsa, 727 publikummarar

Barnefilmar:

1. Istid: På kollisjonskurs, 1.211 publikummarar

2. Snekker Andersen og Julenissen, 1.067 publikummarar