Gol sentrum yrar av liv, trass i grått haustvÍr.
Gol sentrum yrar av liv, trass i grått haustvÍr.

Tett på naturen

Små og store lét seg lokke ut i grått haustvêr for å få med seg Fårefestivalen på Gol i helga.

Bodseljarar med borda fulle av handverk og eigenproduserte varer, alt frå spekekjøt og dreidde fat til alle tenkelege ullprodukt. Ein konstant straum av folk bevegar seg opp og ned sentrumsvegen for å få med seg litt av alt.

Strikk i veg

Det klirrar i strikkepinnar ved rundkøyringa midt i Gol sentrum. Fleire titals strikkeglade damer har meldt seg på «Strikk i veg», eit prosjekt til inntekt for «Strikk for livet Hallingdal». Fremst i strikketoget sit Hege Myrvollen og Turi Gjestemoen frå Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me strikkar lappar på 20 gonger 20 centimeter. Dugnaden varar ein time, så kanskje får me til ein lapp kvar den tida me sit her. La oss seie at me er kring 60–70 som sit her og strikkar, så blir det heile 70 ferdige lappar. Berre på denne eine timen. Men eg sit gjerne heile dagen, smiler Gjestemoen.

Teppe til kreftramma

Strikkedugnaden er eit samarbeid mellom Strikk for livet Hallingdal og Ung Kreft. Sjølv har ho alt levert inn ein heil berepose med lappar til prosjektet, samt strikka ein og ein halv ny lapp i løpet av dagen. Lappane vert sett saman til teppe og delt ut til lokale kreftpasientar. I tillegg går halvparten av «påmeldingsavgifta» direkte til Ung Kreft.

– Kvifor er de med på dette?

Gol sentrum vrimla av små bønder med grøne capsar under årets Fårefestival.
Gol sentrum vrimla av små bønder med grøne capsar under årets Fårefestival.
Leo Kozlowski frå Gol set ny rekord med heile 42 sekund på den mekaniske oksen.
Leo Kozlowski frå Gol set ny rekord med heile 42 sekund på den mekaniske oksen.
Mari Østro (f.v.), Stina Flaget og Ida Amundsen syklar smoothies til nysgjerrige kundar.
Mari Østro (f.v.), Stina Flaget og Ida Amundsen syklar smoothies til nysgjerrige kundar.
Tøri Medgard Skår kom endeleg fremst i køen og får halde ein pelskledd hjarteknusar.
Tøri Medgard Skår kom endeleg fremst i køen og får halde ein pelskledd hjarteknusar.
- Me kunne ha sitte her heile dagen, smilar Hege Myrvollen (f.v.) og Turi Gjestemoen.
- Me kunne ha sitte her heile dagen, smilar Hege Myrvollen (f.v.) og Turi Gjestemoen.
Fleire titals strikkelystne damer møtte opp for å strikke lappar til prosjektet "Strikk for livet Hallingdal".
Fleire titals strikkelystne damer møtte opp for å strikke lappar til prosjektet "Strikk for livet Hallingdal".
Yassin Naghimi Callvo (f.v.), Jetsade Martinsen og Linda Rotegård frå VG2 Restaurant og matfag serverer rettar med fårekjøt i festivalteltet.
Yassin Naghimi Callvo (f.v.), Jetsade Martinsen og Linda Rotegård frå VG2 Restaurant og matfag serverer rettar med fårekjøt i festivalteltet.
Fårefestivalen trekkjer både små og store bønder.
Fårefestivalen trekkjer både små og store bønder.

– At teppe og pengar frå dette prosjektet går til lokale kreftpasientar er veldig fint, og det i seg sjølv er ein ekstra grunn til å vera med. Mor mi døydde av kreft i 2014, og eg har sjølv hatt kreft, så eg brenner veldig for slike tiltak som dette. Det er tett på for meg. Og dessutan har me det veldig koseleg her me sit. Eg håpar dette har kome for å bli, og at strikkedugnad kanskje kan bli eit fast innslag under Fårefestivalen, seier Myrvollen.

Vil du sykle deg ein smoothie?

Årets Fårefestival er langt på veg interaktiv, med eit breitt utval aktivitetar for alle aldrar, samt matnyttig informasjon knytt til ull- og sauenæring. Også eit knippe lokale lag og organisasjonar er på plass med buer i sentrum for å få pengar i kassa. Gol 4H klaskar til med både aktivitet og servering i eitt.

– Me har kanskje ein av dei kulaste aktivitetane på Fårefestivalen, smiler Ida Amundsen. – Me har hatt ein del kundar innom i dag, men mange har også stoppa opp berre for å sjå. Det er ikkje kvar dag folk ser ein slik sykkelblender. Og så lagar den jo ein del lyd, legg ho til.

Ida kuttar opnar ein pose frosen smoothieblanding og fyller opp blenderen. Mari Østro set seg på sykkelen og tråkkar alt ho klarar. Eit knapt minutt etter står eit ferskt glas smoothie klart til servering. Årets Fårefestival har eit breitt program. Det overordna målet er likevel å gje publikum eit innblikk i det jordnære og enkle med mat og dyr.

– Eg har ikkje vakse opp på gard, men eg har tenkt å bli bonde sjølv. Eller veterinær. Eg har ikkje heilt bestemt meg. Men eg har alltid hatt lyst til å jobbe med dyr, og alltid hatt lyst på hest. Så om eg no fyrst får meg ein gard, så skal eg i alle fall ha hest. Og sau, smiler Ida.