Svingande jubileum
Kristi himmelfart blir folketalet i Herad mangedobla. Gol campingsenter ventar storinnrykk når Vårdansen jubilerer.
Campingvert Magne Hoftun begynner å få rutine.
Dette er tiande året han steller i stand til vårens høgdepunkt for campinggjestene. Sundag startar rigginga. Alt må vere klart til festivalen opnar med Anne Nørdsti onsdag kveld. Deretter held dei fram i swingtakt heile helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokale namn i Herad kyrkje
Både gjestene og mange av artistane kjem att, år etter år. Vestnorge, med hemsedølen Øyvind Eikre på vokal, spelar onsdag og fredag. Torsdag er Vestnorge «husband» under kyrkjekonserten for fjerde gong. I år har dei med seg to lokale gjesteartistar, Ingunn Granli og Malin Saue Johansen.
Også Ingemars, Dænsebændet og Anne Nørdsti har gjesta Vårdansen fleire gonger.
Som eit slektstreff
– Me byter ikkje ut dei beste spelarane på laget, seier Hoftun. – Vårdansen får alltid gode tilbakemeldingar på desse banda. Når dei kjem att år etter år, blir det litt som eit slektstreff, seier Hoftun.
Han reknar med det blir folkeliv og eit vakse publikum i glad-stemning. Han ventar 1500 tilreisande til campingplassen, i tillegg kjem det kanskje like mange hyttefolk.
– Me har aldri hatt slikt påtrykk. Det er fullt på alle hytter og campingareal. No er me på terskelen til å måtte ta i bruk hagen til mor mi for å få plass til dei siste vognene.
Sjølv om Hoftun ikkje byter ut «dei beste spelarane på laget», er det likevel rom for nokre nye namn på artistlista. Pia Pihlgrens frå Värmland er ikkje eit reindyrka danseband, men spelar countryinspirert dansemusikk. Svenskane gjestar Gol for fyrste gong. Torsdag skal Hanne Mette Band få opp temperaturen i teltet. Ho vann i vinter spelemannspris i dansebandklassen for albumet «Minner».
I år er også sjølve festivalen nominert til pris. Saman med fleire av dei største dansefestivalane i landet, er Vårdansen nominert som «årets arrangør» i Gullskoen. Tidsskriftet «De danseglade» deler ut prisen, men det er publikum som stemmer fram vinnaren gjennom ei folkerøysting på SMS.