Ziggy Wild spelte riffbasert rock med den krøllete kruttønna Laura Prits på rå og energisk vokal.
Ziggy Wild spelte riffbasert rock med den krøllete kruttønna Laura Prits på rå og energisk vokal.

Sundreball i medvind

Det er nesten bibelsk. Etter to magre år, kom ein feit opptur for vinterfestivalen Sundreball.

Sundrehall er forsamlingslokalet til den kristne menigheita Kilden. Det ikkje lukta kristennmannsblod i lokalet laurdag. Då hoppa 400 framfor scenekanten under Valentourettes sin hyllest til sin gamle frontfigur, rockepoeten Joachim «Jokke» Nielsen.

Estisk i godteposen

Kvelden før var det Ziggy Wild som toppa plakaten med sin energiske riffbaserte rock. Bandet kom eins ærend frå Tallinn for å spele éin konsert i Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg la merke til at me hadde same publikum som Marit Larsen kvelden før. Dei takla stilbrotet fint. Eg trur knapt det var nokon i publikum som kjente oss frå før, men i salen var det ei stemning av ein slags naiv happyness, seier bandets hårete vokalist, Laura Prits. Utan å vite det, sette ho ord på det som er festivalen sin idé. Å servere blanda drops med smakar folk ikkje visste at dei likte.

– Eg følte at det var kjærleik i lufta, seier Prits.

((Qid=BF05F039))

Legg lista høgt

Ein av dei som bobla av «naiv happyness», var ålingen Bjørn Ruud. Han vart happy alt under oppvarmingskonserten med Polkabjørn og Kleine Heine. Dei to romsdølene tok publikum på ei reise gjennom det dei hevda var nokre av dei aller største hittane i musikkhistoria – ein herleg stilmiks av populærmusikk frå 1940-talet, tyske schlagerar og country, utført med solide dosar jodling og strupesong.

– Festivalen er eit lyft for bygda, seier Ruud. Saman med ein gjeng kompisar hadde han uniformert seg med T-skjorta «Ål-dagen 1975» – ein imaginær festival som aldri fann stad. På ryggen på T-skjorta står det kven som spelte. Led Zeppelin, Deep Purple og Toradertrioen på Sundrehall. Neil Young, Rolling Stones og Uflax på Solhov.

– Dette skjedde sjølvsagt aldri. Men «Ål-dagen 1975» er drømmefestivalen som eg måler alle festivalar opp mot, seier Morten Gjeldokk, som har designa plagget. – Sundreball er noko i nærleiken av drømmefestivalen, konkluderer han.

– I år losna det

Festivalen er eit initiativ av kompisane Øystein Etterlid og Erlend Medgard. Trass musikalsk suksess, romma debuten for tre år sidan blodslit og eit sold underskot. Men alle gode ting er tre.

– I år losna det. Me har ikkje finrekna, men grovkalkylen viser at me har tatt att tapet frå dei to fyrste åra. Festivalen er over kneika, seier Medgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me opplever at det er mange som heiar på oss, seier Etterlid. Til saman har kring 800 vore innom i lavvoen og konsertsalen frå Marit Larsen opna ballet torsdag, til Lady Moscow skrudde av forsterkaren natt til sundag. Medgard kan alt love at det blir nytt ball om eit år.