Wenche Olsen (f.h.) og Gerd Line Røysi frå Galleri Gol var glade for å kunne presentere Widerberg si utstilling laurdag. Her med Ingrid Wollebæk.
Wenche Olsen (f.h.) og Gerd Line Røysi frå Galleri Gol var glade for å kunne presentere Widerberg si utstilling laurdag. Her med Ingrid Wollebæk.

Stor dag, sjølv utan Nico

Over ein fjerdedel av verka var alt selt etter halvannan time då Nico Widerberg si separatutstilling opna på Galleri Gol laurdag.

((Qid=BBF5B0A6))

– Me er kjempeglade for at han sa ja til å stille ut hos oss, seier Gerd Line Røysi, som er bookingansvarleg på Galleri Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudpersonen måtte melde avbod i siste liten grunna sjukdom, men det sette ingen stoppar for verken sal eller oppmøte. Over ein fjerdedel av verka var allereie seld etter halvannan time då utstillinga opna laurdag.

– Me fekk kontakt med han under påskeutstillinga hans på Geilo for to år sidan. Eg og Wenche Olsen tenkte at me berre måtte spørje, det verste som kunne skje var at me fekk nei. Men han sa ja med ein gong. Det er 30 verk her, me sa me ynskte oss både grafikk, skulptur og måleri, seier Røysi.

Minnesmerke

Nico Widerberg er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo og Statens Kunstakademi i Oslo. Han arbeider som skulptør, malar og grafikar. Som grafikar arbeider Widerberg blant anna med litografi. Widerberg arbeider med kroppen i sine verk. Han har blitt kjent for sine figurative attgivingar av torsoen, enten det er torsoen åleine eller mangelen på torso det er lagt søkjelys på. Hans grafiske arbeid består ofte av primærfarge, gjeve att i sterke kontrastar med gjennomarbeidde komposisjonar.

Mange ville sjå kunsten til Widerberg.
Mange ville sjå kunsten til Widerberg.
Både skulpturar og bilete har fått plass i utstillinga.
Både skulpturar og bilete har fått plass i utstillinga.

Her i Norge vart han kanskje for alvor kjent for kvarmannsen då han fekk oppdraget med å lage minnesmerka etter terroren 22. juli. 53 minnemerke vart reist over heile landet og oppdraget var finansiert av ei anonym pengegåve. Widerberg har hatt stor suksess som kunstnar, både i inn- og utland.

Kunst ut til folket

Widerberg har tidlegare gitt uttrykk for at han syns det å stille ut i eit lite galleri som Galleri Gol verka spennande.

– Han sa han prioriterte å ta seg tid til å ha utstillingar på mindre plassar. På den måten får alle typar folk høve til å oppleve kunst, også av kjende kunstnarar. Me syns det er veldig viktig, seier Olsen og Røysi og understrekar at det er stort å få Widerberg kunst hit.

– Han er ein av dei største i dag, vil eg påstå, seier Olsen.

Røysi trur det gode oppmøtet og salet kan skuldast fleire ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre kjenner han kanskje frå utstillingane han har hatt på Geilo og har lest om han i den forbindelse, nemner ho som ein mogleg årsak.