Starta band etter ulykke
Etter at spelemann Jon Elling Buen Garnås gjekk bort i ei bilulykke i 2012, samla vener av han seg i studio. Dei vart eit band. Fredag held Byting konsert i Hallingdal.
Låten «Høvdingen» handlar om saknet av og kjærleiken til ein nær venn. Thomas Hellekås har laga tekst og melodi til songen, som vart til i 2012 etter at spelemann Jon Elling Buen Garnås frå Bø i Telemark døydde i ei bilulykke.
– Det var trøystande for meg å skrive, sa Hellekås til Telemarksavisa i mai 2012.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den gong hadde låtskrivaren nett fått tilbod om å spele inn songen i studio. I dag veit me at Hellekås gjennomførte innspelinga saman med Jon Elling Buen Garnås’ bror, Per Anders (fele), Halvor Halvorsen (trommer/vokal) og Svein Eivind Mo Haugen (gitar/vokal). «Høvdingen» vart ein lokal hit på YouTube, og karane bestemte seg for å halde saman musikalsk. Snart kom også bassist Marius Skjelbred inn, og gruppa Byting var ein realitet (byting = villbasse).
Sidan 2014 har karane turnert landet rundt, og fredag er dei på plass i Hallingdal Feriepark. Live i Bergtatt Bistro vil bandet by på ein miks av country, rock’n’roll og norsk folkemusikk. Dei syng om livets realitetar – på godt og vondt. Gruppa er elles aktuell i TV-serien «Norske Rednecks» på MAX.