Dansarane Lars Schmidt og Randi Brecke ønskjer å etablere eit tangomiljø i Hallingdal.
Dansarane Lars Schmidt og Randi Brecke ønskjer å etablere eit tangomiljø i Hallingdal.

Språkkurs med dansesko

Tango er kommunikasjon utan ord. Først og fremst handlar dansen om å lytte til kvarandre.

Lars Schmidt og Randi Brecke inviterer til kurs i argentinsk tango. Torsdag og fredag held dansarane nybegynnarkurs i tango i Ål og Gol. Og når kveiken fyrst er tent, vil dei halde tangointeressa varm utover våren gjennom fire tangokveldar i Ål kulturhus og fire tangokveldar ved Hallingdal Folkehøgskule.

– Målet er å etablere eit tangomiljø i Hallingdal, skriv dei i ei pressemelding. Tango kan vere sceneshow med avanserte dansesteg og flotte figurar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men først og fremst handlar dansen om å lytte til kvarandre. Det er givande å oppdage korleis du som dansar kan kommunisere klart i ein dimensjon der vanleg språk er overflødig, skriv dei.

Begge danseinstruktørane er kunstnarar. Dei møttest i tangomiljøet i Oslo, der Brecke dei siste seks åra vore involvert i drifta av ein tangoskule. Mens Brecke er busett i Moss, har Schmidt funne seg til rette i Ål. Han er fødd i Tyskland, men dei siste 15 åra har han levd eit omflakkande liv, mellom anna i New York og Buenos Aires.