Frank Syversrud, Yngve Klevjer, Aage Andre Kolberg og Audun Sporsheim. Bak frå venstre: Mette Hoftun, Margot Synnøve Brenno, Margrete Berg, Grete Bergun og Marta Maria Espeseth.
Frank Syversrud, Yngve Klevjer, Aage Andre Kolberg og Audun Sporsheim. Bak frå venstre: Mette Hoftun, Margot Synnøve Brenno, Margrete Berg, Grete Bergun og Marta Maria Espeseth.

Songkveld med Staben & Yngstebrørne

Felelæte, gitarar av mange slag, trekkspeltonar, danserytmer – og song fra den folkelege kristne songtadisjonen – det er Staben & Yngstebrørne.

Sundag førstkomande innbyr me til songkveld i Geilo kulturkyrkje.

Dei har teke fram song og musikk frå ulike kjelder, med mange krysningspunkt. Tekstane har gjerne pilgrimsmotiv og handlar om livsvandringa gjennom ulike landskap og ulike dagar, med sol og skugge, bratte bakkar, grøne enger og rennande vatn. Dagen, frå morgon til kveld, kan også vera ei reise, med forventning ved morgongry, travle rytmar gjennom dagens arbeid, og ettertanke i skumringstimen. Og over dagen og livet kvelver seg ein himmel av håp. Folketonar frå norsk, svensk og irsk tradisjon blandar seg med amerikansk country og gospel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jim Reeves og Hank Williams er innom, likeså Åge Samuelsen og Tor Grimsgård. Reiselåtten etter Tor Grimsgård kling godt saman med Rosenius sin tekst frå Ahnfelts songbok. Folketonen Jerusalem, Guds skjønne brud, frå Valdres, får tonefylgje av ein brurevals på fela hans Frank Syversrud. Ingvild Bergun Sporsheim syng eit par songar med irske røter, og to heilt nyskrivne åndelege viser med tekstar av Emil Skartveit og melodi frå Norges fremste dansebandkomponist, William Kristoffersen i Ole Ivars.

Det blir salg av kaker og kaffi på kirketorget før og etter konserten, og me håpar det vert trongt om plassen.