Flå stasjon er først ut i Hallingdal med Sommeråpent-sending i juli.
Flå stasjon er først ut i Hallingdal med Sommeråpent-sending i juli.

Sommeråpent på skinner

NRKs populære sommarsatsing stoppar i Flå, Ål og Finse.

I år skal Sommeråpent produserast rundt i landet slik det blitt har gjort dei siste to åra. Nytt i år er at programmet skal gå på skinner. Toget skal innom 40 stasjonar i 17 fylke på åtte veker, noko som er ein heilt ny vri på sendingane.

Kjem til Hallingdal

Flå er første stopp i Buskerud, den 26. juli. Nokre dagar seinare kjem toget til Ål, den 1. august. Toget skal blant anna også stoppe på Finse, Flåm, og Voss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stor stas, me skal prøve å få dette til på best mogleg måte, seier dagleg leiar i Flå vekst, Kristian Akervold.

– Det er kjempeflott for Ål at dei vil stoppe her. Dette er eit fint høve til å vise kva Ål har å by på. Me har mange arrangement, kultur og historie, seier konstituert dagleg leier i Ål Utvikling, Linda Dalene Bjerke.

Store moglegheiter på Flå

– Me har Hallingdals største turistattraksjon og du skal ikkje sjå bort ifrå at det kanskje kjem nokre dyr ned på stasjonen, forklarer Akervold i Flå, og tenkjer på Bjørneparken.

Linda Dalene Bjerke ser fram til at Sommeråpent kjem til Ål stasjon.
Linda Dalene Bjerke ser fram til at Sommeråpent kjem til Ål stasjon.
Kristian Akervold ser ikkje bort ifrå å ta med dyra i Bjørneparken ned på stasjonen i Flå.
Kristian Akervold ser ikkje bort ifrå å ta med dyra i Bjørneparken ned på stasjonen i Flå.

– Me håpar at for eksempel Hellbillies eller andre lokale artistar kan stille opp, men også at folk blir med og gjer dette til ein folkefest, seier Bjerke.

Tog med scene

NRK kjem med eit spesialbygt tog med kontrollrom, redigeringsrom, kontor, scene, mat, sovekupear og alt som trengst for å produsere Sommeråpent på dei ulike stasjonane. Tv-toget blir over 240 meter langt og vil ha ei konteinarvogn som blant anna får plass til ein scene.

NRKs radioprogram Reiseradioen skal også vere med på reisa. Dei skal ha direktesending kvar morgon frå dei forskjellige plassane.