Knut Anders Sørum inviterte Anita Kleppen Nilsen frå Nes opp på scenen for å synge duett.
Knut Anders Sørum inviterte Anita Kleppen Nilsen frå Nes opp på scenen for å synge duett.

Skreiv Sørum-teksten om til halling

– Eg var ikkje nervøs, men eg var redd for at eg var for dårleg på totning.

Det seier songar Anita Kleppen Nilsen frå Nes. Ho fekk jobben med å varme opp publikum før Knut Anders Sørum gjekk på scenen. Og jammen inviterte han henne opp for å vere med på ein duett, «Stirrer rætt fram», som er henta frå hans siste album, «Audiens 1:1».

– Det var litt på sparket. Me fekk berre øvd gjennom songen ein gong på førehand. Det var tøft å få lov til å synge med han, seier ho. I staden for å få kjeft for dårleg totning, fekk Nilsen ros av Sørum for stødig å ha omsett teksten til si eiga dialekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mykje var likt, men det var ein del ord eg endra på. Han syng «nå» der me seier «noko», og «øydelagt alt» vart til «hatt sundt alt». Nokre av endringane fekk konsekvensar for rytmen, men det funka heilt fint, også på halling, seier ho.