Ikkje alle hadde nikkers, men likevel vart det selt kunst for over halvannan million kroner før opninga av påskeutstillinga på Bardøla hotell var avslutta.
Ikkje alle hadde nikkers, men likevel vart det selt kunst for over halvannan million kroner før opninga av påskeutstillinga på Bardøla hotell var avslutta.

Selde biletkunst for 1,5 millionar kroner

Kunsten fekk bein å gå på kort tid etter at Bardøla høyfjellshotell opna årets påskeutstilling.

– Dette likte eg godt, seier Øystein Christoffersen. Han har tatt med dottera Ingvild (25) inn frå påskefjellet for å sjå på kunst.

Bardøla har gjort det til ein tradisjon å by på kunst i påska. I år var kunstnarane og motiva så populære at salet passerte halvannan million kroner alt under utstillingsopninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eksepsjonelt godt kunstsal

– Eg trur det er den beste utstillinga eg har hatt her nokon gong, seier Bernhard Øygarden. Han har drive i kunstverda sidan 1973, blant anna med Galleri Vike og det har også blitt mange utstillingar i samarbeid med Bardøla.

Årets store namn er svenske Lars Lerin, kanskje Nordens største akvarellmålar. Enkelte av verka var prisa heilt opp til 280.000 kroner.

Idet me prøver å få Øygarden i tale, må han unnskylde seg. Eit nytt verk vart rive bort, til den nette sum av 170.000.

Akvarellane til Lars Lerin (bak) likte dei godt, men Øystein Cristoffersen og dottera Ingvild Christoffersen koste seg mest med å sjå, men utan å handle.
Akvarellane til Lars Lerin (bak) likte dei godt, men Øystein Cristoffersen og dottera Ingvild Christoffersen koste seg mest med å sjå, men utan å handle.
Kunsten selde godt då Galleri Vike og Bardøla høyfjellshotell tradisjonen tru inviterte til påskeutstilling.- Eg er glad i alle kunstnarane her, men eg er spesielt gald for å kunne vise fram Lars Lerin sine akvarellar, seier gallerist Bernhard Øygarden.

Lars Lerin har vore på den svenske "glãsbygden" og latt seg inspirere.
Lars Lerin har vore på den svenske "glãsbygden" og latt seg inspirere.
Inge Glambek (f.v.) fall for Ståle Blæsterdalens tresnitt, til applaus frå Ole Torp.
Inge Glambek (f.v.) fall for Ståle Blæsterdalens tresnitt, til applaus frå Ole Torp.
På galleriopning kan ein nyte kunsten med meir enn aqua i glaset. Lars Lerin sine akvarellar fall også i smak hos mange.
På galleriopning kan ein nyte kunsten med meir enn aqua i glaset. Lars Lerin sine akvarellar fall også i smak hos mange.

– Kven er den typiske kjøpar?

– Det er vanskeleg å si. I dag er det alle typar folk.

– Har ikkje akvarell eit litt dårleg rykte?

– I Norge heng nok måleri og grafikk høgare, og det har høgare status i utlandet. Det er ein veldig vanskeleg teknikk, fordi målinga trekkjer inn i papiret. Gjer ein feil kan ein ikkje berre måle over det, seier Øygarden. Han vil eigentleg ikkje snakke økonomi, men må vedgår salet av denne utstillinga går eksepsjonelt bra.

– Inge har utsøkt smak

Ein av dei som har opna lommeboka er Inge Glambek, frå Bergen. Men her er kunstnaren Ståle Blæsterdalen, «ein tresnittets meister» som det blir sagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Motivet slo imot meg. Sjå korleis han rir inn i solnedgangen, seier han med Ole Torp som publikum.

– Inge har utsøkt smak, skyt Torp inn.

– Eg er glad i alle kunstnarane me stiller ut, men i år er det spesielt flott å få med Lars Lerin, sa Øygarden under opningstala. Det er nok også i den avdelinga av «galleriet» at folket lenge står tettast. Men i løpet av den første timen løyser det seg fort opp – nesten som vassfarge på akvarellpapiret.

Ingvild Christoffersen og faren får studere i ro og mak.

– Eg tenkjer ikkje på akvarell som andrerangs. Sjå på lyset i dette. Det er nesten som bjørkeskogen der me har gått på ski i dag, seier Øystein.

Han let det likevel bli med kikkinga for denne gongen. Favorittane vart uansett fort utselt.

– Studielånet opnar heller ikkje for mykje kunsthandel, seier Ingvild.

– Kanskje på sikt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan hende, seier jusstudenten.

Men sjølv juristar må leggje seg opp litt pengar. Også Kjell Nupen og Frans Widerberg var representert med verk, til prisar kring 280.000 kroner.