Når Arild Jensen komponerer for gitar, prøver han seg også fram på gitaren når han leitar seg fram til ny musikk.
Når Arild Jensen komponerer for gitar, prøver han seg også fram på gitaren når han leitar seg fram til ny musikk.

Satsar som komponist

Då 100 musikarar bles liv i musikken hans fekk Arild Jensen eit kjempekick. No drøymer komponisten om å skrive vidare for film og konsertscener.

– Sjølv om du har ein idé om korleis det du har komponert læt, så er det noko med at det sit 100 mann og spelar det du har laga. Musikken får eit eige liv som eg ikkje lenger har kontroll over, og andre musikarar tilfører alltid noko nytt. Kanskje opplever dei andre ting med musikken og hentar inn andre referansar som dei brukar når dei spelar, seier Arild Jensen.

Orkesterdraumen

Februar 2014. Arild Jensen, busett ved Trillhus i Ål, er ein av fem studentar på komponiststudiet for filmmusikk ved Høgskulen i Lillehammer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Notane sende han av garde veka før, eit kutt til ei scene frå skrekkfilmen Fritt Vilt 2. No sit Kringkastingsorkesteret (KORK) framfor han, og det er tonane hans, den musikalske ideen han har utarbeidd og skrive ned, som fyller lokalet.

– Det var eit kjempekick, rett og slett. Eg vil gjerne jobbe endå meir med å skrive film- og konsertmusikk, og gjerne få skrive for fleire store utøvarar. Orkestermusikk er ein draum, for det læt så rikt og stort og levande. Eg drøymer òg om å skrive ein konsert for klassisk gitar og kammerorkester, seier Jensen.

Gitarkveld

Klassisk gitar er hans instrument, i tillegg til piano og ulike andre strengeinstrument. Når Jensen måndag inviterer til Musnikksnakk på Fryd Scene saman med gitarkollega Thomas Kjekstad, er det nettopp den klassiske sorten det skal handle om. Jensen har komponert, Kjekstad skal framføre. I tillegg vil karane prate om korleis det er å skape musikk – som komponist og utøvar.

Arild Jensen jobbar på klaver og data samtidig når han komponerer musikk.
Arild Jensen jobbar på klaver og data samtidig når han komponerer musikk.

– Målet er at dei som kjem skal bli litt kjent med den klassiske gitaren, og det blir mykje vakker og spennande musikk. Mykje av det eg komponerer har røter i det klassiske materialet, til dømes musikken til Villa-Lobos. Me håpar å gjere musikk og snakk interessant på fleire nivå, seier Jensen.

Satsar høgt

I mars i år fekk han andreplass i ein komposisjonskonkurranse i regi av songensemblet Vokal Nord. Stykket «Landet ovenfor» blanda eit moderne musikkuttrykk med mellom anna joik, ikkje utypisk for Jensen som er kjent for å vere ein allsidig musikar som finn seg til rette i alt frå jazz og klassisk til pop og elektronisk musikk. Lokalt har musikken hans mellom anna vorte ein del av adventstida for mange barn gjennom julespelet Knut og Fjompenissen, som har blitt spelt årleg sidan premieren i 2012.

– Eg syns det er veldig stas at nokre av låtane derifrå, særleg «Hele jorden er pyntet», har fått sitt eige liv og blitt ein del av jula til mange på Gol. Sjølv om eg har hatt ambisjonar som utøvar, ser eg på meg sjølv meir som komponist enn utøvar i dag. Då eg var ferdig med filmmusikkstudiet på Lillehammer, sat eg att med ei kjensle: Anten så var ikkje det å lage musikk så vanskeleg, eller så kunne eg lage musikk ganske bra. No har eg lyst til å jobbe meg meir og meir inn mot det profesjonelle miljøet, seier Jensen.