Tekstilkunstnaren Karin Stang har gjeve den avdøde vennen Jon Sandsmark ei biletleg stemme mellom to permar. Ho har samla deler av kunsten hans i bokform. Og under boklanseringa på Hallingdal Museum Nesbyen 14. november opnar og ei utstilling med dei siste verka hans. Tekstilbilete som Stang og ei venninne har nytta det siste året på å ferdigstille.
Tekstilkunstnaren Karin Stang har gjeve den avdøde vennen Jon Sandsmark ei biletleg stemme mellom to permar. Ho har samla deler av kunsten hans i bokform. Og under boklanseringa på Hallingdal Museum Nesbyen 14. november opnar og ei utstilling med dei siste verka hans. Tekstilbilete som Stang og ei venninne har nytta det siste året på å ferdigstille.

Sandsmark-kunst i bok

Tekstilkunstnaren Jon Sandsmark sette sitt preg på kunsten, vennene og ikkje minst lokalsamfunnet. Nå får han ein minnebok som takk.

«Tekstilkunstnaren Jon Sandsmark var ein sjeldan gong lågmælt. Som oftast var han vill og utamd, barokk og teatral i sine verbale krumspring», skriv kunsthistorikar Kaare Stang i boka «Nålestikk». Og slik kjende nok dei fleste Jon Sandsmark. Også dei som trefte han så vidt. Jon Sandsmark er ein mann ein hugsar godt. Og aldri gløymer. Ein kunstnar som syntest i gatebiletet. Ein estetikar som er meir enn eit minne om ei fargerik sjel. Hans fotavtrykk på jorda er ein kunstnarisk gåve i stoff, nål og tråd. Og det er nett kunsten hans denne boka handlar om.

Eit biletutval

Tre generasjonar har samarbeidd om boka som er til minne om kunsten til nesningen som døydde i fjor. Karin Stang har sett saman bileta i tidsepokar, sonen og kunsthistorikaren Kaare Stang har litterært gjort eit fint og informativt dykk i Sandsmarks tekstilkunst og barnebarnet Nora Birgithe Stang står for designen av boka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sandsmark var kjend for å «måle med silke» og lèt etter seg om lag 135 biletteppe, skisser og om lag 45 for det meste uferdige, abstrakte bilete.

– Eg tykte han skulle ha eit minne, seier tekstilkunstnaren og mangeårige venn av Jon Sandsmark, Karin Stang. Ho har vore initiativtakar og pådrivar for å lage denne minneboka.

– Her er ikkje mange morosame Jon-historier, men me har prøvd å syne fram eit utval av kunsten hans, fortel ho. Boka er førebels eit stort underskotsføretak, trass støtte frå både kommunen, lokalbanken og eit lokallag.

Tekstilkunstnaren på Nesbyen med eit av dei siste arbeida sine. (Arkivbilete)
Tekstilkunstnaren på Nesbyen med eit av dei siste arbeida sine. (Arkivbilete)
Dei siste bileta Jon Sandsmark laga er og med i boka. Dei har tilsynelatande eit heilt anna kunstnarisk uttrykk enn dei tidlegare bileta hans.
Dei siste bileta Jon Sandsmark laga er og med i boka. Dei har tilsynelatande eit heilt anna kunstnarisk uttrykk enn dei tidlegare bileta hans.
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Boka.
Boka.
Dei siste bileta Jon Sandsmark laga er og med i boka. Dei har tilsynelatande eit heilt anna kunstnarisk uttrykk enn dei tidlegare bileta hans.
Dei siste bileta Jon Sandsmark laga er og med i boka. Dei har tilsynelatande eit heilt anna kunstnarisk uttrykk enn dei tidlegare bileta hans.
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Arbeid av Jon Sandsmark
Bilete «Svart Mann» lagde Jon rett etter drapa på Utøya. Eit av yttarst få bilete han har brodert inn tittel på.
Bilete «Svart Mann» lagde Jon rett etter drapa på Utøya. Eit av yttarst få bilete han har brodert inn tittel på.

– Eg håpar på eit godt boksal, smiler Stang som har skrive forordet i boka, samt minneordet bakerst.

Sydd ferdig

Karin Stang fekk mange attendemeldingar på minneordet ho skreiv om Jon etter at han døyde våren 2014. Det var mange som mintest denne kreative kunstnaren med glede. Då fekk ho ideen om å få synt fram ein del av dei mange flotte bileta hans i ei bok.

- «Nålestikk», eg tykte tittelen passa bra på Jon. Han kunne stikke med nåla – og med ordet. Når Jon uttalte seg, stakk han både her og der, smiler ho og heldt fram det ferdige produktet. Boka inneheldt mange av dei flotte og kjenslege bileta hans som har høg kunstnerisk kvalitet.

– Laurdag 14. november skal me ha utstilling og presentasjon av boka, fortel ho entusiastisk. Ikkje berre er det laga biletbok, men Karin Stang og Elisa Bråtalien har saman sydd ferdig ein del av dei siste bileta til Jon.

– Knappenålsbileta, som eg har kalla dei i mange år, smiler Stang. Bileta var nemleg berre sett saman av nåler. Eit iherdig arbeid er ferdigstilt, no kan altså folk få sjå kva Jon Sandsmark arbeidde med dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då han flytta til Nesbyen vart det eit markant skilje i produksjonen hans, minner ho om. Eksempel på både gamle og nye bilete er med i boka. Men på utstillinga er det dei siste bileta frå 2006 og fram til hans død som blir synt fram. For fyrste gong.

– Det kan nok vere at fingrane hans vart for stive på slutten til å brodere noko særleg. Han har berre brodert store sting, ikkje særleg pene heller, fortel Stang. På dugnad er i alle fall 27–28 av om lag 40 «knappenålsbilete» sydd saman.

– Me har sydd med store sting me også, smiler ho.

Utøya

– Sjå på dette, seier Stang og syner fram ein papirkopi av biletet «Svart mann».

- Dette er flott. Jon lagde biletet då han var veldig sjuk. Det symboliserer Utøya og kva som skjedde der. Biletet er eit av ytterst få bilete han har brodert inn tittel på, fortel ho. Sandsmark skal ha laget biletet rett etter hendinga på Utøya. På «Svart Mann» har Jon Sandsmark også brodert inn datoen 22. juli.

Stang fortel at dei trudde dei skulle reise rundt og fotografere verka hans. Til alt hell lét etter Sandsmark lysbilete av dei fleste bileta han har laga. Men det vart nødvendig å «vaske» desse, noko som var ein stor jobb.

– Barnebarnet mitt Nora er designer. Ho tok den jobben, fortel Stang. Utvalet av bilete heng nok med kven som vart dugande på trykk.

Einsam sjel

– Det er få i Norge som har brodert reint kunstnerisk, slik som Jon gjorde. Me har ikkje mange slike tekstilkunstnarar. Men så var det også umogleg å leve av tekstilkunsten. Det er det jo enda, herregud. Men Jon hadde fargegleda og evna til å setje saman fargar heilt til det siste, seier Stang. Det som kanskje kom litt uventa på henne, medan ho arbeidde med boka, var einsemda ho fann i fleire av verka hans. Ho vart nær litt deprimert då ho innsåg det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me snakka så ofte om form og farge, ikkje så mykje om innhaldet. Eg innsåg no kor einsam Jon var. Meir frå bileta hans, enn då eg kjende han, fortel ho. Fleire av bileta er laga medan homofile framleis vart betrakta som kriminelle og psykisk sjuke.

Men Stang har mange gode minner om vennen sin. Hyggjelege middagar, reiser i inn- og utland, minner frå då dei var kollegaer gjennom 20 år – og artige skiturar.

– Og så hugsar eg Jon som barn på Nesbyen. Ein bitte liten tynn strek som kom hoppande, syngjande og hylande, ler ho. Det var alltid lyd i Jon. Det tok han med seg inn i vaksenlivet.

– Men Jon var ikkje berre morosam. Det låg mange tankar bak verka hans som og er kritikarrost. Difor er det så viktig å få synt fram desse, seier Stang.