Rueslåtten skal varme opp for a-ha
Kari Rueslåtten har eit ærefullt oppdrag i dag, onsdag.
Det var etter sommarkonserten hennar i Hol gamle kyrkje ho fekk spørsmålet: Kan du tenke deg å varme opp for a-ha når supergruppa spelar på Sverresborg Arena i Trondheim denne veka?
Kari Rueslåtten var aldri i tvil. Ho og bandet hennar takka ja og henta fram dei beste rockelåtane for å varme opp a-ha-publikummet onsdag kveld. Magne Furuholmen, Paul Waaktaar Savoy og Morten Harket har vore blant favorittane hennar heilt sidan bandet slo gjennom med «Take on me» i 1985.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rueslåtten set pris på å bli hyra til oppdraget.
– Det er skikkeleg moro, og det er ikkje kvar dag ein får eit slikt spørsmål, seier Kari Rueslåtten tilAdresseavisen.
Les også:Rueslåtten fylte kirka