Olav H. Hauge. (Arkivfoto)
Olav H. Hauge. (Arkivfoto)

Rekordår for Haugesenteret

2016 har vore eir rekordår for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

11.000 har sett på ulike utstillingar, eller vore til stades ved arrangement som Haugesenteret stod bak, skriv avisa Hordaland.

Haugesenteret vart offisielt opna i 2014. Her kan ein gjere seg kjent med lyrikaren og diktaren Olav H. Hauges (1908 – 1994) liv og hans forfattarskap. Senteret som er eigd av Nynorsk kultursentrum, inneheld utstilling, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk og kafé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Poesifestivalen har mykje av æra for dei gode besøkstala. Fjorårets festival samla snautt 5000 publikumarar.

– Samla sett var 2016 eit veldig godt år, både med festival og god trespons på dei andre arrangementa våre, fortel dagleg leiar Geir Netland som lova fleire godbitar i 2017. Eit allsidig vårprogram blir lansert seinare denne månaden.