19 bilete av Knut Quelprud er testamentert til Ål kommune. No blir bileta for første gong synt fram på utstilling i Galleri Syningen. Galleriansvarleg Wenke Kolstad (t.h.) og Hilde L. Bjørnsvik, kultursjef i Ål, håpar mange tek turen.

Raus gåve blir utstilling

Kontorkunsten skal fram frå skuggane. Frå og med laurdag heng måleri frå skulane i Ål på utstilling i Galleri Syningen.

– Ål kommune eig så mykje flott kunst som folk flest ikkje veit om. No viser me fram ein liten brøkdel av det. Det er viktig at folk kan sjå kva dei er med på å eige, seier Wenke Kolstad.

Testamentert gåve

Ho har ansvaret for Galleri Syningen i Ål kulturhus og har vore rundt omkring på skulane i Ål og henta fram kommunal kunst. Laurdag opnar årets første utstilling, «Kommuneskattar», med ålingsmålar Knut Quelprud (1859–1954) som hovudkunstnar. Ei testamentert gåve til Ål kommune, sparka liv i prosjektet i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt i 1981 vart 19 Quelprud-bilete testamentert til kommunen frå kunstnaren sine etterkommarar. I haust fekk me beskjed om at me kunne kome og hente dei. Utstillinga no blir første gong kommunen syner fram verka. Etter kvart vil dei bli hengjande permanent på det nye helsetunet som skal bli bygd i kommunen, seier Hilde L. Bjørnsvik, kultursjef i Ål.

Ugrasplansjer

18 av dei 19 bileta vil bli synt fram; eitt er i for dårleg forfatning til å hengje på veggen.

– Quelprud er særleg kjend for det grafiske arbeidet han har gjort på dei såkalla Korsmos ugrasplansjer, fortel Kolstad.

– Knut Quelprud er særleg kjend for det grafiske arbeidet han har gjort på dei såkalla Korsmos ugrasplansjer, fortel Wenke Kolstad.
– Knut Quelprud er særleg kjend for det grafiske arbeidet han har gjort på dei såkalla Korsmos ugrasplansjer, fortel Wenke Kolstad.
Verk av Vivian Zahl Olsen er del av kommuneskatten.
Verk av Vivian Zahl Olsen er del av kommuneskatten.
Knut Quelprud (1859–1954). (Arkivfoto)
Knut Quelprud (1859–1954). (Arkivfoto)

Quelprud-kunsten vil få selskap av eit utval bilete frå kunstnarkolonien i Leveld, mellom anna av Sam Hauge. Elles vil verk av biletkunstnar Trond Andersson, Rolf Nesch-inspirerte Berit Fagerlund og teiknar og illustratør Vivian Zahl Olsen bli å sjå på veggane i Galleri Syningen.

– Tanken er å syne fram noko av mangfaldet. Her kjem bileta til å hengje, i eigenarta rammar og ulike storleikar. Det seier noko om tidsperioden verka har vorte laga. Me håpar mange finn vegen til utstillinga, seier Kolstad.