Vokalsekstetten Pust held konsert i Geilo Kulturkyrkje.
Vokalsekstetten Pust held konsert i Geilo Kulturkyrkje.

Pust til Geilo Kulturkyrkje

Torsdag kjem vokalsekstetten Pust til Geilo kulturkyrkje med sin meditative, stemningsfulle og evig beroligande musikk.

Pust består av dei seks songarane Anne Hilde Grøv, Camilla Susann Haug, Elisabeth Anvik, Jostein Hasselgård, Håvard Gravdal og Mads Iversen. Gruppa har for lengst sunge seg inn i nordmenns hjarte, og med sine tradisjonsrike julekonsertar har juleturnéen med det anerkjente vokalensemblet etablert seg som ein viktig førjulstradisjon over heile landet.

Gruppa har etablert seg som ei av de leiande vokalgruppene i Norge, og har også vunne anerkjennelse og prisar i utlandet. Sidan starten i 2003 har dei rukke å gi ut fire kritikarroste album. Juleplata deira, «Julero», frå 2011 var ei av de mest selte juleplatene i Norge same år og vart av kritikarane omtala som «ei juleplate for evigheten». Hausten 2015 vart «Julero»-plata kåra til ei av dei 10 beste juleplatene nokosinne av Aftenposten.