Nyttårskonserten 2017 med Nesbyen Hornmusikklag.
Nyttårskonserten 2017 med Nesbyen Hornmusikklag.

Publikumsfrieri frå korpset

Nyttårskonserten med Nesbyen Hornmusikklag vart ei intens og underhaldande reise i filmmusikkens verd.

– Hugs å smile!

Eli Jorde Tilghman minner Nesbyen Hornmusikklag på noko av det viktigaste for kvelden, å kose seg og ha det moro. Om under ein time er det klart for den tradisjonsrike nyttårskonserten i Kulturhuset Banken. Dei har øvd på dette i over seks veker. Eit breitt spekter av komposisjonar frå filmens verd står på programmet. Dirigent Ståle Abrahamsen har pendla frå Asker til øvingane for å sy det heile saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spente solistar

Heile trettito musikantar utgjer orkesteret. I tillegg til Nesbyen er det også representantar frå Geilo og Nore og Uvdal med i prosjektet. Mange har delteke i mange år og er rutinerte. To som er ekstra spente er solistane. Rebecca Lofft skal spela fiolin og Sarah Sandanbråten skal synge.

– Eg har spelt mest hardingfele dei siste ti åra, så det har vore ei omstilling å spela fiolin, innrømmer Lofft.

Ho har øvd saman med orkesteret tre gonger på førehand. Vanlegvis er ho sjølv ein del av eit orkester, men no skal ho stå fremst på to av musikkstykka. Sandanbråten skal bidra med fem songar.

Sarah Sandanbråten leverte mange sterke songar.
Sarah Sandanbråten leverte mange sterke songar.
Mykje kjent musikk i den tradisjonsrike nyttårskonserten i Nesbyen.
Mykje kjent musikk i den tradisjonsrike nyttårskonserten i Nesbyen.
Ståle Abrahamsen.
Ståle Abrahamsen.
Ellen Storla deler ut program.
Ellen Storla deler ut program.
Harald Holum hadde sydd saman den visuelle presentasjonen.
Harald Holum hadde sydd saman den visuelle presentasjonen.
– Denne musikken har høg underhaldningsverdi, er artig og lett å relatere seg til, seier Eirin Ulbaasen (t.v.) og Arnhild Lislegård.
– Denne musikken har høg underhaldningsverdi, er artig og lett å relatere seg til, seier Eirin Ulbaasen (t.v.) og Arnhild Lislegård.
Irene Rotegård ventar spent bak scenen.
Irene Rotegård ventar spent bak scenen.
Synne Kleiv Redalen frå Rødberg har delteke på Nyttårskonserten i åtte-ni år.
Synne Kleiv Redalen frå Rødberg har delteke på Nyttårskonserten i åtte-ni år.
Rebecca Lofft.
Rebecca Lofft.

– Eg gler meg veldig til å framføre «Å æ kjinne ein kar» kjend frå Bør Børson. Den hadde eg ikkje høyrt før, men likar den veldig godt, fortel ho.

Video frå YouTube

Salen i kulturhuset fyllest opp og reisa i filmens verd startar. Publikum får høyre verk frå mange historiske godbitar. Mange kjenner nok igjen Charlie Chaplin, «Deer Hunter» og Disney. Andre filmar ligg kanskje lenger bak i minnet, men ved hjelp av levande bilete på storskjerm hugsar me betre. Det er Harald Holum som har sydd saman den visuelle presentasjonen.

– Eg vart spurt for tre veker sidan og har jobba med å finne gode videoklipp på YouTube sidan då, fortel han.

Frå galleriet styrer han bileta frå ein PC.

– Eg var nok meir nervøs i dag enn mange av dei som spelar, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok turen over fjellet

Då glimt og tonar frå mange kjente og kjære Disney-filmar sløkkjest, er det pause. På andre rad sit Eirin Ulbaasen og Arnhild Lislegård frå Nore og Tunhovd. Dei har teke turen over fjellet for å sjå og høyre kjenningar spela.

– Eg har vore med og spelt her før. Det er moro å koma hit å høyre på også, fortel Ulbaasen.

Dei synest val av tema for konserten er bra.

– Denne musikken har høg underhaldningsverdi, er artig og lett å relatere seg til, Lislegård.

Synne Kleiv Redalen frå Rødberg kjem bort for å helse på dei to. Ho spelar valthorn og har vore med på nyttårskonserten i åtte-ni år. Til vanleg spelar ho i Nore og Uvdal musikkorps.

– I år er ikkje komposisjonane så utfordrande, men det blir vanskeleg likevel når me kjem saman så mange forskjellige instrument, seier ho.

Aller mest ser ho fram til å spela musikken frå «Flåklypa».

Frysningar

Den aller mest kjente filmmusikken har musikarane spara til slutt. Høgdepunkta kjem på rekkje og rad, det er eit reint publikumsfrieri. Sarah Sandanbråten presterer godt, med mellom anna «Gabriella’s sång» frå «Så som i Himmelen» og «Skyfall» frå James Bond-filmen med same namn. Rebecca Lofft sørger for frysningar og ettertanke med musikken frå «Schindlers Liste». Det heile blir ekstra sterkt når bileta frå filmen rullar over storskjermen og minner oss om dei grufulle hendingane som skjedde i konsentrasjonsleirane under andre verdskrig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg valde å ikkje sjå filmen før konserten. Eg tek musikken slik innover meg og det ville vore fare for å grine på scena, fortel Lofft etter soloen.

– Musikk til ettertanke, seier dirigent Ståle Abrahamsen frå scena, før han og hornmusikklaget igjen evnar å få stemninga opp att med nye klassikarar.

Dei haustar velfortent applaus i det tonane frå «When you wish upon a star» ebbar ut i vinterkvelden.