Hallgrim Haug (Arkiv
Hallgrim Haug (Arkiv

Prisdryss til kreative ålingar

Mottakaren av årets kulturpris avbraut eit julebord og svara med jubel på Skype.

– Denne går andre prisar ein høg gang, sa Hallgrim Haug. Han hadde avbrote eit julebord i hovudstaden for å vere med på eit digitalt nettmøte om eit prosjekt med filmkollega frå Ål, Jon Storhaug – trudde han.

Det skulle vise seg å vere berre ein dekkoperasjon for å overrekke Haug Ål kommune sin kulturpris for 2014. Seansen skjedde under årets siste kommunestyremøte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir sett pris på

Haug vann i fjor pris for beste utanlandske dokumentar under London International Film Festival for «Vilje av stål», om basehopparen Karina Hollekim. Tidlegare i år fekk han Gullruten-pris for fotografjobben i dokumentaren «Tvillingsøstrene». Haug har base i Hollywood.

Det var Birger Jorde (KrF) som «overrekte» prisen.

– Me har følgd deg sidan du gjekk på 4H. Det har jo blitt ein del prisar, sa Jorde til prisvinnaren. Haug var å sjå på storskjerm i kommunestyresalen.

Då skype-samtalen vart avbrote tok Briger Jorde (KrF) resten av samtalen med kulturprisvinnar Hallgrim Haug på telefon.
Då skype-samtalen vart avbrote tok Briger Jorde (KrF) resten av samtalen med kulturprisvinnar Hallgrim Haug på telefon.
Helga Myhr
Helga Myhr
Øystein Bråten takka i form av ei videohelsing frå USA.
Øystein Bråten takka i form av ei videohelsing frå USA.

– Viss du ikkje tullar så var dette veldig surrealistisk og triveleg, sa Haug.

Det var ikkje tull. Årets pris var på 10.000 kroner og eit trykk av Trond Anderson.

To stipend

Politikarane skulle også dele ut to stipend, eitt innan kultur og eitt innan idrett.

– Helga Myhr har dansa sidan ho var to og har sidan markert seg innan spel, kveding og dans, sa Jorde.

– Tusen takk. Dette kjem godt med, sa Myhr på ei videohelsing. Myhr går for tida på linje for dans og teater på Ringerike folkehøgskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idrettsstipendet gjekk til Øystein Bråten for hans kreative skikøyring. Pågangsmot og ståpåvilje har gitt han både topplasseringar i VM og uttak til OL-troppen. Også han var utanbygds.

– Tusen takk. Eg er for tida i USA og køyrer ski, sa han på ei videohelsing frå «over there», der han no driv med oppkøyringa til X-Games.

Båe stipenda er på 10.000 kroner. Overrekkinga vil skje med kultur- og idrettsutøvarane til stades tredje juledag.