– Eg har plukka opp nokre trådar der eg slutta på 80-talet. Mykje av inspirasjonen frå den gong har eg teke inn i tonespråket mitt i dag, seier Anne Grete Preus. Her frå ein konsert i Hammerfest tidlegare i haust.
– Eg har plukka opp nokre trådar der eg slutta på 80-talet. Mykje av inspirasjonen frå den gong har eg teke inn i tonespråket mitt i dag, seier Anne Grete Preus. Her frå ein konsert i Hammerfest tidlegare i haust.

Preus er tilbake til eigne rockerøter

Anne Grete Preus har plukka opp trådane frå 80-talet. Torsdag er det ho åleine, og gitarane, som gjeldt i Ål kulturhus.

– Dei siste tre åra har eg øvd mykje gitar. Eg kjende på at eg hadde nokre avgrensingar som eg ville frigjere meg frå. Musikalske, tekniske og handverksmessige. Men ting eg ikkje kunne, låg innan rekkevidde. Sidan har eg øvd mykje, jobba med gitarlyd og forska på mogelegheiter som ligg i el-gitaren, seier Anne Grete Preus.

– Sårbar

Musikaren er i Hedmark når Hallingdølen pratar med henne på telefon fredag føremiddag. Ho skal snart spele på Litteraturfestivalen i Grue. Ti stader opptrer ho i haust – solo. Torsdag 13. november står ho åleine på scena i Ål kulturhus, berre flankert av gitarane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig spennande å spele solo. Du blir så sårbar og må stole på eigne songar. Eg har plukka opp nokre trådar der eg slutta på 80-talet då eg gjekk frå å spele i rockeband til å bli soloartist. Mykje av inspirasjonen frå den gong har eg teke inn i tonespråket mitt i dag, fortel Preus.

Bjørneboeeffekten

Med ti utgitte soloplater på 25 år er det eit jubileumsår for 57-åringen. Debutsoloalbumet «Fullmåne» kom i 1988. Der tonesette Preus tekstar av Jens Bjørneboe. Ei meir rocka plate nummer ti, «Et stad å feste blikket», kom i fjor.

– Eg gjennomstuderte Bjørneboe då eg var i slutten av 20-åra. Det gjorde noko med retninga mi vidare; tekstane hans har ikkje så mykje refreng og pop-hooklines. Bjørneboe oppdrog meg også til å ha ambisjonar for det eg dreiv med. Eg trudde jo eigentleg ikkje at eg hadde sjanse til å bli syngedame. Før eg laga debutalbumet spelte eg i rockeband, og eg søkte eit nytt musikalsk landskap på «Fullmåne». I dag har eg funne meir tilbake til ein kjærkomen dimensjon i rocken – uforutsigbarheit og fine gitarklangar, fortel Preus.

Torsdag 13. november står Anne Grete Preus åleine på scena i Ål kulturhus. – Du blir så sårbar og må stole på eigne songar, seier musikaren. (Alle
Torsdag 13. november står Anne Grete Preus åleine på scena i Ål kulturhus. – Du blir så sårbar og må stole på eigne songar, seier musikaren. (Alle
I Ål kulturhus 13. november har ikkje Anne Grete Preus med seg andre enn gitarane sine på scena.
I Ål kulturhus 13. november har ikkje Anne Grete Preus med seg andre enn gitarane sine på scena.

Fridom

I 1994 nådde musikaren eit høgdepunkt i karrieren med albumet «Millimeter». Fire Spellemannsprisar og 75.000 selde plater skulle gi henne ikkje berre eit kjent namn, men også stor kunstnarisk fridom i plateselskapet Warner Music Norway.

– Det var kjærkome og fantastisk og få eit så stort publikum, sjølv om eg aldri har opplevd meg som ein mainstream person. Suksessen gav meg mykje arbeidsfridom og tillit i platene som kom etterpå. Ein slik suksess kan nok også verke forstyrrande, men kanskje hadde eg brukt så lang tid på å nå det store publikumet at eg greidde å glede meg over det og heller nytte det til vidare framgang, seier Preus.

Skapartrong

35 år etter at ho starta musikarkarrieren, er Anne Grete Preus si drivkraft den same som då ho starta – ho ønskjer å lage bra ting.

– Den lengselen er veldig sterk i meg, og eg gler meg til å finne ro til å setje meg ned og prøve ut nye klangar på nyåret. Ti soloalbum på 25 år er ikkje så mykje å skryte av. Eg har alltid jobba litt langsamt, og for meg blir kvar plate til ved å prøve å finne fotfeste i eit nytt musikalsk landskap. Men eg er stolt over dei platene eg har laga. At eg på «Et stad å feste blikket» speler alle gitarar sjølv, er særleg stas. Målet framover blir å sjå om det finst ei plate til i meg, nokre fengjande songar som forløyser noko.