Anders Båsmo Christiansen har hovudrolla i rånefilmen Børning.
Anders Båsmo Christiansen har hovudrolla i rånefilmen Børning.

Politi mot rånar

Den store kinodagen er eit sikkert haustteikn. På Ål kulturhus er programmet tett laurdag og billettane er på halv pris.

Dagen startar med bamsesamling i peiskroken med song og dans før filmen Karsten og Petras vidunderlege jul. Filmen er den tredje i rekka og basert på dei populære bøkene med same namn. Karsten og Petra gler seg veldig til jul, og saman med kosedyra frøken Kanin og Løveungen tel dei utolmodig ned til julekvelden.

– Me begynner med dei minste. Ta med kosedyret ditt er bodskapen. Det blir bamsesamling saman med barnebibliotekaren som dreg i gong litt song og dans. Forhåpentlegvis kjem det mange kosedyr som får bli med på kino etterpå, seier Torun Torsteinsrud på Ål kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redningsteneste og Sabeltann

Neste ut er sjørøvarstemning før filmen Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama. Me følger den foreldrelause Pinky på ei spennande reise frå Abra Havn til det legendariske kongeriket Lama Rama, der dei møter den lattermilde Kong Rufus og hans skumle bror Prins Badal. På vegen må Kaptein Sabeltann og hans menn kjempe mot den pill rotne vikingpiraten Bjørn Barsk og hans båttypar.

– Dette er for dei litt større ungane, og eit samarbeid med kulturskulen. Her får ungane kle seg ut som sjørøvarar og gutedansegruppa på kulturskulen køyrer eit opplegg med Sabeltann-dansen.

Før filmen Operasjon Arktis vert det høve til å sjå ambulanse og politibil på nært hald.

Karsten og Petras vidunderlege jul.
Karsten og Petras vidunderlege jul.
Operasjon Arktis.
Operasjon Arktis.
Kaptein Sabeltann.
Kaptein Sabeltann.
Her er Harold.
Her er Harold.

– Operasjon Arktis er ein barnefilm og handlar om nokre ungar som er stranda åleine på Svalbard. Det fører til ein stor redningsaksjon for å finne dei. Me tenkte då at det kunne vere fint å invitere redningstenesta slik at ungane kan sjå på bilane og helse på dei som er på vakt.

Konkurranse

Sist ut blant aktivitetane ein kan vere med på er gatebilutstilling og dekkskiftekonkurranse i høve framsyninga av filmen Børning.

– Det er det største stuntet denne dagen. Me har invitert bilmiljøet på Ål til å stille ut bilane sine og konkurrere mot politiet i å skifte dekk. Det har vore mykje positive tilbakemeldingar når me har ringt rundt. Dette kjem til å bli eit tøff utstilling og konkurransen vert nok eit bra show.

I Nes blir det ikkje noko kinodag i år, grunna strammare budsjett enn tidlegare, opplyser kulturleiar Tor Even Lysfjord. Det vert heller ikkje arrangement på Geilo kino.

Ål kino

* Karsten og Petras vidunderlige jul

* Boyhood

* Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

* Her er Harold

* Operasjon Arktis

* Haram

* Børning

* Jakten på Berlusconi

* Fasandreperne

* Hercules

* The Maze Runner

Hemsedal kino

* Dragetreneren 2

* Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

* Her er Harold