Store Norske Seeger Sessions Band gjestar Ål berre få dagar etter at Pete Seeger, mannen som bandet har namnet sitt frå døydde.
Store Norske Seeger Sessions Band gjestar Ål berre få dagar etter at Pete Seeger, mannen som bandet har namnet sitt frå døydde.

Pete Seeger er død - lever på Sundre

27. januar døydde den amerikanske folkevisesongaren Pete Seeger.

Han vart 94 år. Seeger var ein av dei som gjorde folkeviser frå dei harde 30-åra levande under visebølgja på 60-talet. I nyare tid er det Bruce Springsteen som har levandegjort musikken hans, gjennom «We shall overcome»-plata.

Tilfeldigheiter gjer at Store Norske Seeger Sessions Band spelar på Sundreball på Sundrehall laurdag. Dette tolvmannsorkesteret har reindyrka Seeger sin musikk, via Springsteen. Det er venta både allsong og dans når dei levandegjer Seeger sin musikk.