Skulpturane er laga av Heidi Gerhardsen, og blir stilt ut i Hemsedal.
Skulpturane er laga av Heidi Gerhardsen, og blir stilt ut i Hemsedal.

Pelsdyr-politikk som kunst

I denne utstillinga er det dyra som pyntar seg med menneskelege kroppsdelar, og ikkje omvendt.

Laurdag opnar ei ny utstilling i Hemsedal Kultursal. Det er dei to kunstnarane Heidi Gerhardsen og Kristina Björn som stiller ut.

Nokre av Gerhardsens keramiske skulpturar tek utgangspunkt i situasjonen for pelsdyra. Me er inne i eit skjebneår for desse dyra, snart blir framtida for heile næringa avgjort. Dette opptek mange, anten dei er fagpersonar, dyrevenner eller driv med pelsdyroppdrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidi Gerhardsen, som er utdanna kunstnar og lektor, tek i bruk antropomorfisme i skulpturane sine. Det betyr å gje dyr og gjenstandar menneskelege eigenskapar. Dette grepet er ei kjent verkemiddel, som ofte blir brukt i teikneserie og film for å skape interesse og merksemd hjå unge menneske. Antropomorfisme kan også hjelpe til slik at vanskelege tema blir lettare tilgjengeleg for barn og unge, slik at dei kan delta i diskusjonen. Konkret kan ein i staden for å syne groteske bilete av skadde pelsdyr, snu på rollene mellom menneske og dyr. Kunstnaren gjev skulpturane av rev og mink eit lykkeleg ansiktsuttrykk. Endeleg er dei attende i naturlege omgjevnader, ute i naturen, der rovdyr hyrer heime. Og rollene er snudd på hovudet, for no er det reven og minken som har fått på seg kåper laga av pelsdyrbøndene. Pynta og dekorert med menneskelege kroppsdelar.

– Slik understrekar ein det absurde målet med pelsdyrnæringa, meiner Heidi Gerhardsen.