Stemning med Humming People.
Stemning med Humming People.

Over – for denne gong

Sundreball er over – for i år. No går arrangørane i tenkjeboksen for om det blir fleire ball.

Gutane bak Sundreball har også i år levert eit variert og solid konsertprogram. Tre dagar med sjangerfri musikk. Dei er stornøgde med konsertane, stemninga og gjennomføringa. Berre talet på publikum kunne vore noko høgare.

– Var det nok folk innom?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me toler nok litt til, seier ein av arrangørane, Øystein Etterlid.

500 innom

Konseptet er musikk for alle aldrar. Og alle skulle finne noko dei ville gå på. Etterlid trekk spesielt fram konserten med Charlie Rackstead på dagtid laurdag. Den trekte mykje folk som kanskje ikkje ville gått på konsertane på kveldstid. I tillegg samla quizen etterpå også fullt hus.

– Sundreball ber seg ikkje heilt. Me går ikkje i pluss, men kanskje «break-even». Utan all dugnadsinnsatsen hadde me aldri klart det. Då hadde det ikkje vore liv laga, seier Etterlid. No skal dei evaluere årets Sundreball før dei bestemmer seg om det blir noko neste år også neste år.

Star Anna spelte på Sundreball laurdagskvelden .
Star Anna spelte på Sundreball laurdagskvelden .
Også Kurèr stod på scena i Sundrehall laurdag. T.v. Sture Moslåtten og vokalist Trond Kristiansen
Også Kurèr stod på scena i Sundrehall laurdag. T.v. Sture Moslåtten og vokalist Trond Kristiansen

– Det er dårleg timesbetalt for å seie det slik, seier han.

Det var om lag 500 publikumarar innom dei totalt ti konsertane i løpet av tre dagar.

Kulturdugnad

Arrangørane Etterlid og Erlend Medgard, i lag med alle dei frivillige, gjer ein durabeleg kulturdugnad med Sundreball.

– Me håpar at fleire og fleire vil finne vegen til konsertane våre. Me er overtydd om at dette er noko som passar folk flest. Me har fått gode attendemeldingar frå dei som var med, seier Etterlid.

– Så de gir ikkje opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Neeei, men me må evaluere og sjå fyrst, seier han.

Amerikanske Star Anna var headliner laurdagskvelden. Sundrehall var stille då ho starta, men folk trekare etter kvart inn. Ho song med kul stemme og med heile hjartet.

Då Humming People entra scena med meir energisk rytme, dukka fleire folk opp og stemninga steig fleire hakk.

Musikarane fekk med seg publikum med spelegleda si. Kurér og Stones Rock følgde opp utover kvelden.