Eldbjørg Nedrestøl og Øyvind Omnes opna Sundreballet med fine tonar og fengjande stemning torsdag kveld.
Eldbjørg Nedrestøl og Øyvind Omnes opna Sundreballet med fine tonar og fengjande stemning torsdag kveld.

Opna ballet

Sundrehall vart fylt av vare tonar og fengjande musikk torsdag kveld.

Opninga av Sundreballet var det hallingane som stod for. Torsdag kveld fylde Sundrehall seg forsiktig medan Eldbjørg Nedrestøl og Øyvind Omnes lokka frå scena med alt frå country, via visesongar til landeplagen «Fathers eyes».

Samstemt duo

Duoen på scena opna med Dixie Chicks «Let Him Fly». Eldbjørg Nedrestøl er den allsidige folkemusikaren som me trur kan syngje nær sagt kva som helst. Det ho leverte torsdag var langt frå kveding og lokalt tradisjonsmateriale. Med eit materiale lekkert plukka ut frå notidas artistar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg på scena hadde ho ein tidlegare skulekamerat frå Valle vidaregåande skule i Setesdal. Der gjekk Nedrestøl på folkemusikkline med kveding som fordjuping.

– Det er 15 år sidan me gjekk der, smiler ho. Men desse to har innimellom i løpet av åra opptredd i lag.

– Men eg skal ikkje juge på oss at me har spelt mykje saman, ler Nedrestøl.

Herman Kvelprud Stein og bandet Svarteper stod på scena på Sundrehall.
Herman Kvelprud Stein og bandet Svarteper stod på scena på Sundrehall.
Eldbjørg Nedrestøl og Øyvind Omnes.
Eldbjørg Nedrestøl og Øyvind Omnes.

– Men me er himla gode då, fleipar Øyvind Omnes. Han bur no i Oslo. Og om du trur du har høyrd om han før, så var han med i Idol i 2004. Han har og folkemusikkbakgrunn, med solid stevtradisjon.

– Etter konserten må eg skunde meg attende til Oslo, fortel den forholdsvis nybakte tvillingpappaen.

– Eg får vel sende honoraret mitt til ho der heime. Som takk for lånet, smiler Nedrestøl.

Fyste konserten

Men tid til å opne Sundreballet i lag, tok dei seg. Duoen leverte Kacey Musgraves «Follow Your Arrow», etterfølgt av Lady Antebellums «Need You Now». Brad Paisley «Whiskey Lullaby» fekk me og høyre, før «Dagane» av Odd Nordstoga. «Please Don’t Say You Love Me», Carrie Underwoods «Blown Away» og avslutta med Ask Emblas «Father’s Eyes».

I salen sat to små som tende lys. Før konserten kribla det svært i små føter, men då mamma entra podiet vart det stilt. Knut (3) og Kristian (6) fekk vere med på ein av mammas konsertar for fyrste gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har kort veg då. Me bur nemleg berre rett nedi her, fortel Kristian som tykte det var stor stas å få vere innom backstage før musikken starta.

Det vart ein fin og varsam opning av kvelden. Som blir etterfølgt av musikkfestival fleire dagar til endes.

Gror godt

Sundreball skal vere ein arena som syner fram noko av det som gror i musikkverda. Bandet Svarteper må seiast å vere eit av dei. Kva dei er gjødsla med, skal vere uvisst, men at det dreier seg om dyktige musikarar, er sikkert. Og at dei trivest på scena, synte dei godt. Dette er gutar som nyt å spele.

Det er uttala at Svarteper er eit skranglete folkrock-band med hang til spagettiwestern og melankolske viser. Men her var mykje humor og rotekte musikalsk glede. Tre av bandmedlemmene er frå Ål og har spelt saman i bandet Tumbleweed. No har dei funne saman att under nytt namn – og med norske tekstar.

Herman Kvelprud er på vokal og gitarar, Terje Vesterøy på gitarar og koring og Lars Jonas Bergo på tangentar og koring. Desse er frå Ål.

Arne Steinar Myrvang på slagverk og kor og Tobias Flottorp Heltzer på bass og kor er utanbygds, men kler ålingane godt.

Tekstane deira handlar visst om alt frå kikkarar og drapsmenn, til menn som sett spørsmålsteikn til eigen legning og om dufta av lavendel. Ein blanding av folkrock, roots, syreblues blir det sagt. Og dei framkalla latter frå salen både titt og ofte.

Etter at Hallingdølen hadde forlate konsertlokalet, entra Lene Storhaug og bandet scena.