Anne S. Kaslegard.
Anne S. Kaslegard.

Open post på Bokmessa

Fyrstkomande laurdag er det bokmesse på Ål. Har du gitt ut bok med lokalt tilsnitt?

Biblioteka i Hallingdal og bokhandelen Norli i Ål arrangerer den årlege bokmessa i Ål kulturhus laurdag 21. november. Det kjem forfattarar, illustratørar, mange bokinteresserte og til og med ei teatergruppe. I år står også ein heilt ny post på programmet; Open post, lokale bøker på fem minutt.

Lokalt tilsnitt

Biblioteksjefen i Ål kommune, Anne S. Kaslegard, fortel at det er umogleg å få plass til alt som er av lokale bøker i hovudprogrammet. Dessverre. Ho skulle gjerne hatt med alt som er skrive med lokalt tilsnitt. Difor inviterer ho no breitt. Alle som i løpet av året har gitt ut bøker med lokalt tilsnitt skal få sine fem minutt med berømmelse på Bokmessa 2015. Open post blir halden i Veslesalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Invitasjon

Kaslegard legg til at dei som arrangørar sikkert ikkje kjenner til absolutt alt som er gjeve ut av hallingar, om Hallingdal – eller har ein eller annan tilknyting til dalføret vårt. Den nye programposten inviterer altså eit breitt spekter av menneske til å kome og snakke om si nye bok. Nyttar du høvet? Då er det berre å ta kontakt med biblioteket på Ål.