Ål Kommune)
Ål Kommune)

Ombygging til 50 millionar

Totalprisen for bygging går neppe ned, men med eit Ål kulturhus fullt av aktivitet blir driftskostnaden redusert.

Dei førebelse skissene viser ikkje korleis eit tilbygg vil sjå ut, men i kva retning dagens Ål kulturhus er tenkt utvida, med ei landsdelsscene og to dansesalar til kulturskulen.

Det er no like mykje tale om ei ombygging av dagens kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen blir den same

Med vel 25 millionar i eksterne midlar skulle ein kanskje tru kommunens bidrag ville gå ned, men nei:

– Kommunen må ta høgde for investeringar som før, i storleiken mellom 19 og 25 millionar kroner, seier Ola Terje Oleivsgard (Sp), leiar i sektorutval for kultur og oppvekst (SUKO).

Prisvekst og kostnadar med å snu om på plasseringar i dagens kulturhus er årsaka til dette. Med andre ord kan totalkostnaden framleis kome på kring 50 millionar kroner.

Kraftig reduksjon på drift

Men driftsutgiftene skal bli vesentleg lågare. Tidlegare var det rekna med 2,3 millionar i årlege driftsutgifter.

Summen har no kome ned i 900.000, fordi huset blir brukt av fleire og gjennom ein større del av døgnet. Dersom ein lykkast å skaffe driftsstøtte frå fylke eller kulturråd kan det gå ytterlegare ned.

Det var særleg dei høge driftsutgiftene som valda mange hovudbry då politikarane sette ned foten for prosjektet i fjor. Ein ny runde har altså vist at ting likevel kan vere mogleg.

Snur om på «alt»

Planen at kulturhuset skal bli fylt med liv og røre gjennom det meste av døgnet. For å nemne noko:

* Biblioteket er tenkt flytt til dagens foajé.

Artikkelen held fram under annonsen.

* All administrasjon går inn i dagens bibliotek-område.

* Frivilligsentralen overtek for turistinformasjonen.

* Nesch-museet blir løfta ein etasje opp.

* Vaksenopplæringa går inn i dagens kontorfløy m.m.

Av nybygg er det snakk om areal til Landsdelsscene for dans og areal til kulturskule (to dansesalar). Det nye biblioteket vil bli «på taket» over dette.

Integrering

Kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund seier det framleis er eit landsdelsscene-prosjekt, men at ein ved å få inn mange fleire element vil slå fleire fluger i ein smekk.

– Landsdelsscenen er ikkje forringa, men me får med andre element i tillegg. Me kan også kalle det ei ombygging av kulturhuset, men det er landsdelsscenen som gjer det mogleg, seier ho.

Vaksenopplæringa har i dag tronge kår, slik drifta er fordelt på ei rekkje bygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette vil også gi inkluderinga eit realt løft, seier kulturhusleiaren.

Det er planlagt eit informasjonsmøte om planane i samband med kommunestyremøtet 19. mai, før SUKO får si neste orientering 24. mai.