I 2012 overrekte Oddbjørn Knudsen ei øksesamling til Nore og Uvdal kommune. Biletet vart teke i samband med ein artikkel i Hallingdølen same år.
I 2012 overrekte Oddbjørn Knudsen ei øksesamling til Nore og Uvdal kommune. Biletet vart teke i samband med ein artikkel i Hallingdølen same år.

Øksesmeden heidra

Kommunestyret i Nore og Uvdal starta budsjettmøtet måndag med å dele ut kulturprisen.

Mottakar vart øksesmed, merkeøksesamlar og tradisjonsberar Oddbjørn Knudsen.

Øksesamling

Fire kandidatar var lansert til å få utmerkinga. Juryen valde å gje prisen til Oddbjørn Knudsen for sitt mangeårige og arbeid med å sikre historia om blinke- og merkeøkser i skogbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Knudsen har gjort ein gjort ein kjempeinnsats gjennom mange år og bygd opp ei merkeøkssamling på bygdetunet og gitt til kommunen. Han har utført eit forskingsarbeid på ei eldre merkeøks som er funne i kommunen. Han gjer historia interessant, spreier entusiasme og formidlar interessante teoriar på ein fengande måte, skriv kulturarvstyret i grunngivinga for å gje prisen til Knudsen.

– Gjævaste prisen

Oddbjørn Knudsen fører familietradisjonen vidare som tredje generasjon i «Knudsen-smia». Den pensjonerte læraren har lagt ned mykje tid og arbeid med å ta vare på merkeøkstradisjonen som forfedrane starta.

– Dette er gjævaste prisen ein kan få. Eg er stolt og glad for at arbeidet på bygdetunet blir lagt merke til, sa prisvinnaren i takketalen.

Øksesmed og øksesamlar Oddbjørn Knudsen fekk kulturprisen i Nore og Uvdal. Ordførar Eli Hovd Prestegården delte ut prisen før budsjettmøtet.
Øksesmed og øksesamlar Oddbjørn Knudsen fekk kulturprisen i Nore og Uvdal. Ordførar Eli Hovd Prestegården delte ut prisen før budsjettmøtet.

Han kvitterte for sjekken på 10.000 kroner og eit spesialdesigna diplom av biletkunstnaren Trond Andersson med å overlevere ei gamal merkeøks til ordføraren.

– Her har de Knudsen-øksa. No treng de ikkje vera redde for framtida. Øksa skapte fred då ho vart kasta under «slaget om Mjøsbrua» og vil skapa fred her også, sa prisvinnaren.

– Tusen takk. No kan me kaste øksa og skrinleggje kommunereforma, svara ordførar Eli Hovd Prestegården.