Tor R. Stavenes (midten) er frontfigur for nystarta Svart Lotus. Eivin Brye (t.v.) speler trommer, Sigve Jordheim gitar. Øyvind Kaslegard (ikkje på biletet) speler bass.
Tor R. Stavenes (midten) er frontfigur for nystarta Svart Lotus. Eivin Brye (t.v.) speler trommer, Sigve Jordheim gitar. Øyvind Kaslegard (ikkje på biletet) speler bass.

Nytt band, fersk EP

Du kjenner han best som bassist, men i det nystarta bandet Svart Lotus er Tor R. Stavenes frå 1349 vokalist og gitarist.

Tor R. Stavnes, bassist i black metalbandet 1349, står i desse dagar i front for eit nystarta band, Svart Lotus. Bandet er ute med sin første EP.

Stavenes har skrive dei fire låtane og har med seg lokale krefter på spelelag: Sigve Jordheim (gitar), Eivin Brye (trommer) og Øyvind Kaslegard (bass). Karane speler ein episk form for metal med element frå både black, death og thrash. Stein Torleif Bjella speler bass som gjesteartist på første spor der også Vestfossen Mørkemannskor er med og korar. Jarrett Pritchard, som har miksa og mastra EP-en, gjestar som sologitarist på spor to.