Kåre Conradi og Ellen Horn lovar scenekunst av høg kvalitet i landets kulturhus. Fire nye Riksteater-oppsetjingar er venta til Ål i løpet av våren.
Kåre Conradi og Ellen Horn lovar scenekunst av høg kvalitet i landets kulturhus. Fire nye Riksteater-oppsetjingar er venta til Ål i løpet av våren.

Ny vår med Riksteatret

Kåre Conradi vender attende til gamle skispor som kynisk talkshowvert. Peer Gynt er berre ti år gamal, og Ellen Horn takkar for seg med realistisk samtidsdrama.

Dette er noko av det Riksteaterets turnébussar tek med seg til Ål kulturhus etter nyttår, før to avtroppande leiarar avsluttar eit langt samarbeid.

– Det vert både vemodig og vakkert, sa Ellen Horn etter ni år som sjef for Riksteatret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag lanserte ho sitt siste repertoar, som mellom anna inneheld fire førestillingar med stopp i Ål kulturhus.

– Det er eit stort hjarte for kultur der. Eg trivst godt på Ål, seier Horn, og skryt av kulturhuset.

Alvorleg avskjed

Riksteatret sørgjer for teater- og danseoppsetjingar i 70 kulturhus, og målet er å kunne tilby profesjonell scenekunst til alle, uansett alder og bustadadresse. For kort tid sidan opna Horn den nye utstillinga i Nesch-galleriet på Ål. No kjem ho snart attende for å stå på scenen i «Natten er dagens mor». Stykket er skriven av Lars Norén, som var nominert til Nordisk råds litteraturpris i fjor.

Thor Olav Fjellhøi sluttar som leiar for Ål kulturhus til våren. Sjef for Riksteatret, Ellen Horn, gir seg på same tid. (Arkivfoto)
Thor Olav Fjellhøi sluttar som leiar for Ål kulturhus til våren. Sjef for Riksteatret, Ellen Horn, gir seg på same tid. (Arkivfoto)
Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad vil syne at dans for barn ikkje er keisamt.
Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad vil syne at dans for barn ikkje er keisamt.
– Me var faste gjester på Liaset i Nes fram til eg var 17 år. Det var der eg lærte å stå på ski, fortel Kåre Conradi. Til våren blir han å sjå på scenen i Ål kulturhus.
– Me var faste gjester på Liaset i Nes fram til eg var 17 år. Det var der eg lærte å stå på ski, fortel Kåre Conradi. Til våren blir han å sjå på scenen i Ål kulturhus.

– Det er på tide å slå på skodespelarmotoren att. Dette vert ein rørande og viktig avskjed med heile publikum, seier Horn, som tidlegare har leia både Nationaltheatret og Kulturdepartementet – som statsråd.

Regien er ved Horns eiga dotter Kjersti, og i samspel med mellom anna Terje Strømdahl fortel Horn historia om kva alkoholisme kan gjere med ein familie.

– Det vert ingen glamorøs avslutningsrolle for min del, men eg får skildre mennesket inn til beinet, seier Horn.

Teppefall for to

Neste vår er det ikkje berre riksteatersjefen som sluttar i jobben. Leiar ved Ål kulturhus, Thor Olav Fjellhøi, bytter også beite. Med det tek eit langt og godt samarbeid slutt.

– Det er ei tid for alt, og den gode koplinga mellom kulturhuset og Riksteatret vil halde fram også etter oss, meiner Fjellhøi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare var besøka frå Riksteatret meir tilfeldige, men under Fjellhøi og Horn har Ål blitt ein av dei faste spelestadene.

– No dannar Riksteatret ein stødig vegg i teater- og dansesatsinga vår, og Ellen er like raus som ho er dyktig, seier kulturhusleiaren.

Lovorda går begge vegar.

– Thor Olav har vore ei klippe i heile arrangørkorpset og er ein kulturformidlar av klasse, seier Horn.

Barndomsminne frå Nes

Skodespelar Kåre Conradi spelar hovudrolla i neste vårs hovudsatsing, «Komplottet», som også vert å finne på plakaten i Ål kulturhus. Conradi har sterke røter til Hallingdal, og han gler seg stort til å kome attende.

– Fram til eg var 17 år nytta familien alle vinterferiane på hytte på Liaset i Nes. Det var her eg låg i pulk, lærte å stå på ski og feira nyttår, seier Conradi.

Han har attpåtil lånt seg hallingbunad ved fleire høve, men på scena i kulturhuset vert han no truleg å sjå i dress. Conradi spelar ein karismatisk og kynisk talkshowkjendis i eit psykologisk maktspel mot Ulrikke Døvigen og Tov Sletta.

– Eg og Ellen har snakka om eit samarbeid i mange år, fortel Conradi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fall begge for den britiske dramatikaren Joe Penhalls spenningsfylte trekantdrama. Stykket inneheld både svart humor og alvorleg kritikk av mediesamfunnet og skal fyrst spelast på Nationaltheatret, men overgangen til landsens kulturhus og turnéliv blir slett ikkje nokon nedtur for den renommerte skodespelaren.

– Når eg kjem til nye stader, likar eg å gå rundt og oppleve kvar enkelt plass. Dessutan elskar eg små scener og nærkontakten ein får med publikum. Dette blir heilt topp, seier Conradi.

Moro for ungar

Riksteatret håpar at også dei yngste hallingane vil fylle seteradene. Ibsens klassikar «Peer Gynt» er no omskrive til barneteater, der Grieg er bytta ut med fengjande beats og Peer er ein ti år gamal gut som ikkje kjenner seg som alle andre. Kostyma er teikna av det internasjonale moteikonet Henrik Vibskov, og i samarbeid med DNT vert det også naturstigar og bålgrilling i forkant.

– Elles er me veldig stolte av å huse danseoppsetjinga «Juryen», seier kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi.

Koreograf Hege Haagenrud vil skape ei meir underhaldande og mindre kjedeleg og pedagogisk korrekt danseframsyning for barn. På storskjerm vert det vist videointervju av ungar, og dansarane rettar seg etter deira jordnære og direkte kommentarar.

– Ål satsar jo stort på dans, og me håpar å få til eit samarbeid med kulturskulen rundt dette stykket, avslører Fjellhøi.