Sandra og Stef Stoop fekk liv i «På Hjørnet» att.
Sandra og Stef Stoop fekk liv i «På Hjørnet» att.

Nederlandsk nødhjelp

Utestaden «På Hjørnet» var nede for telling i to veker. Så kom nødhjelpa – frå Nederland.

Dermed vart utestaden og konsertscena redda.

For familien Stoop satsar i Nesbyen. Heile familien har flytta til bygda. Naturleg nok er dei spente på framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig spennande tider for oss, men det kjennest bra å kome i gang, seier Sandra og Stef Stoop.

Jenshus-konsert

Det er fredag kveld, og på scena gjer Ida Jenshus og bandet hennar seg klare til konsert.

Det betyr ein ting: Utestaden er på føtene att. Og det er bygdefolket glade for. Mange har møtt opp denne kvelden for å sjå og høyre artisten frå Steinkjer.

Populære Ida Jenshus i aksjon «På Hjørnet» fredag kveld.
Populære Ida Jenshus i aksjon «På Hjørnet» fredag kveld.

Samspel

Mange nesningar var bekymra då utestaden vart stengd tidleg i november.

For i løpet av det siste året har konsertar med toppartistar og torsdagsquiz fengd nesningane. No blir det meir av dette, lovar dei nye eigarane.

– Me skal vidareføre det som har fungert bra, seier dei.

I ryggen har familien Stoop dei gamle eigarane som driv «Musikkforeningen Hjørnet Live». Dei skal sørgje for at det framleis blir fleire gode konsertar med kjende artistar.

– Hjelpa me får frå dei er uvurderleg, seier Sandra og Stef Stoop.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har planar for utestaden etter kvart med mellom anna utvida opningstider og ny meny.

– Ein bra kveld

På scena gjer Ida Jenshus og bandet jobben til glede for dei vel 100 tilhøyrarane som har teke turen denne kvelden.

Og folk er fornøgde, det same er artisten sjølv. For nordmenn flest er ho kanskje mest kjend frå programmet «Lyden av laurdag», eit talentprogram som gjekk på NRK i 2007. Etter dette har ho hatt ein god karriere, og saman med bandet sitt er jobbane «booka» heilt fram til sommaren. Nesbyen var upløgd mark.

– Det kjendest litt som å reise til verdas ende, sa Ida Jenshus etterpå. Men la til:

– Det vart ein flott kveld.

Det er nok publikum og ein familie frå Nederland samde med ho i.