Folkemusikar Eilif Gundersen får fredag Egil Storbekkens Musikkpris 2014.
Folkemusikar Eilif Gundersen får fredag Egil Storbekkens Musikkpris 2014.

Musikkpris til Gundersen

Folkemusikar Eilif Gundersen er tildelt Egil Storbekkens Musikkpris 2014.

– Eg føler meg veldig beæra og takksam for at eg får ein slik pris, seier Eilif Gundersen.

Innsats

Folkemusikaren er årets vinnar av Egil Storbekkens Musikkpris, eit nasjonalt heidersbevis på 25.000 kroner som har blitt delt ut sidan 2006.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gundersen får prisen for sin ekstraordinære innsats innan folkemusikk, og særleg dei eldre folkemusikkinstrumenta.

Merittar

Gundersen, som opphavleg kjem frå Klæbu i Sør-Trøndelag, har budd på Ål sidan 1989. Han har bakgrunn som messingblåsar, men har i Hallingdal blåst nytt liv i den gamle og utryddingstrua lur- og bukketradisjonen. I 1996 var han ein av initiativtakarane til å stifte Norsk Lur- og Bukkelag, og i 2004 vann han Landskappleiken på bukkehorn.

Stolt

I sommar har Gundersen mellom anna turnert med bandet Wardruna, og laurdag er han ein av tre hallingar som underheld under Grunnlovsfest på Eidsvoll. Utdelinga av Storbekkens Musikkpris skjer førstkommande fredag i Tolga.

– Eg oppfattar det som eit heidersbevis å få prisen. Det er vel eit teikn på at det er fleire enn ein som set pris på det eg driv med, seier Gundersen.