For fjerde gong fekk Rubber & Soul tilhøyrarane til å senke skuldrene og gløyme julestresset. F.v. Kristian «Kikkan» Haraldset, Målfrid Breivik og Leif Inge Reime.
For fjerde gong fekk Rubber & Soul tilhøyrarane til å senke skuldrene og gløyme julestresset. F.v. Kristian «Kikkan» Haraldset, Målfrid Breivik og Leif Inge Reime.

Musikalsk resept mot julestress

Tre takter ut i opningslåten og du har alt gløymt at det er få timar att til jul.

– Røft og sjelfullt, lokkar arrangøren, og det er eigentleg godt oppsummert. For fjerde gong syter trioen Rubber & Soul for at konsertilhøyrarane På Hjørnet i Nesbyen kan senke skuldrene, puste med magen og gløyme julestresset i ein dryg time. Kanskje er det taktisk når dei sparar dei tre julesongane på repertoaret som ekstranummer.

Rubber & Soul består av tre drivkrefter i musikkmiljøet i Nes: Vokalist Målfrid Breivik, Kristian «Kikkan» Haraldset på gitarar og Leif Inge Reime på vokal og munnspel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spente på heimebane

Sjølv om dei har halde på nokre år er Rubber & Soul dessverre ikkje så ofte å høyre. Kanskje derfor blir dei også noko nervøse før den etter kvart tradisjonelle førjulskonserten. Dei påstår iallfall det sjølve.

Lokalet er nær fullsett når trioen går på scena. Dei opnar mjukt med låten som dei har henta bandnamnet frå: «Rubber & Soul» av Ane Brun. Deretter kjem ein eigenkomponert bånsull før det tek av i trioens eigen versjon av ei Joan Osborne-låt. Eit par nummer seinare blir det verkeleg intenst når Leif Inge Reime dreg fram munnspelet i eitt heitt glimt frå filmen «Dirty Dancing».

Rubber & Soul bearbeider og gjer dei fleste låtar til sine eigne, og det gjer at det blir stort spenn i repertoaret. Men det er når dei verkeleg dreg på og dei er best. Og når Målfrid Breivik sett inn ekstragiret må dei to karane finne seg i at ho er stjerna, slik som i The Civil Wars-låten frå filmen «Hunger Games». Sjølv om gitaristen på sida er eit orkester i seg sjølv.

Fint om fjell

Trioen kan gjerne stole endå meir på eige materiale. Haraldsets «High Blue Mountain», der låtmakaren sjølv er med på vokal, er kanskje konsertens høgdepunkt. Låten skreiv han for 25–30 år sidan, men i fleire år låg han i skuffen før han plutseleg kom på han.

Overbevisande er også den tradisjonelle låten «Weary Blues» i Madeleine Peyroux-versjon, og ein blir sitjande å ønskje seg ein heil konsert i denne gata. Her er Breivik verkeleg på heimebane.

Julesongavdelinga etter siste ordinære innslag i programmet blir mest som eit triveleg pliktløp. Og kjensla er at publikumsfavoritten «Fairytale of New York» er temmeleg håplaus å covre. Originalen er mildt sagt rufsete, og det er nok det publikum vil ha. Men det hadde vore spennande om trioen hadde laga ein heilt annleis versjon. Dette er uansett kveldens fyrste allsong, og i «Julekveldsvisa» heilt til slutt syng alle På Hjørnet.