Brørne Andreas (i midten) og Øyvind Hellevik tek ein selfie saman med Eilif Hellum Noraker (Bulle) frå Doktor Proktors tidsbadekar. – Gøy! strålar karane etter stjernemøtet.
Brørne Andreas (i midten) og Øyvind Hellevik tek ein selfie saman med Eilif Hellum Noraker (Bulle) frå Doktor Proktors tidsbadekar. – Gøy! strålar karane etter stjernemøtet.

Møtte film-Bulle i tidsbadekaret

Det vart Hollywood-tilstandar i Ål kulturhus då Eilif Hellum Noraker, Bulle, frå Doktor Proktors tidsbadekar møtte fansen laurdag.

– Han er morosam, seier Andreas Hellevik.

– Og liten, seier Alexander Strand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg lurar på om han er så liten på ekte, undrar Hellevik.

– Og på om me kjem til framtida eller til fortida når me skal gå gjennom tidsbadekaret, seier Øyvind Hellevik.

Stjernebesøk

Den store kinodagen, Ål kino, midt på dagen laurdag. Spente unge karar står berre meter unna eit magisk badekar, eitt som ein kan reise i tid med, iallfall i Arild Fröhlichs nye film Doktor Proktors tidsbadekar som skal visast på skjermen om ein knapp time. Oppfølgjaren til Doktor Proktors prompepulver frå 2014 er eitt av høgdepunkta under årets kinodag i Ål kulturhus, ikkje minst fordi ein av hovudpersonane har teke turen til Ål frå heimstaden Valdres. Det går eit sukk gjennom mengda med forventningsfulle barn og ungdom når han plutseleg er der: Eilif Hellum Noraker, betre kjent som den vesle, raudhåra Bulle.

Eilif Hellum Noraker (Bulle) frå Doktor Proktors tidsbadekar møtte fansen i Ål kulturhus då Ål kino feira Den store kinodagen laurdag. Han svara på spørsmål frå ivrige fans og frå kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.
Eilif Hellum Noraker (Bulle) frå Doktor Proktors tidsbadekar møtte fansen i Ål kulturhus då Ål kino feira Den store kinodagen laurdag. Han svara på spørsmål frå ivrige fans og frå kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.
Storesalen fyllast opp før visninga av Doktor Proktors tidsbadekar. Bulle frå filmen (t.h.) river av billettane.
Storesalen fyllast opp før visninga av Doktor Proktors tidsbadekar. Bulle frå filmen (t.h.) river av billettane.

Badekarmøte

– Kvifor ser du så liten ut i filmen? spør Andreas Hellevik gjennom kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund sin mikrofon.

– Ein del er filmtriks, men så har eg også vakse ganske mykje sidan innspelinga, svarar Noraker.

Kulturhusleiaren gir grønt lys for tidsreise, og unge fans strøymer opp i badekaret og over på andre sida, til ei sofagruppe med eit stort bord med godteri i midten.

– Kva kostar det å lage ein film? spør ein gut.

Lysande fjes som gomlar snop er alle vendt mot hovudpersonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kosta 44 millionar å lage denne, svarar Noraker, som har sett seg til rette på badekarkanten.

– Har du kjærast? spør ei jente.

– Nei, svarar 15-åringen, og ein kan ane at fleire pustar letta ut.

– Me vil vise oss fram

– Dette går veldig bra, seier kinosjef Lars Luksengard mellom kasta.

Rulleteksten går på Karsten og Petra på safari, og publikum strøymer ut i foajeen der Bulle-fansen er i ferd med å sikre seg selfies og autograf.

– Me selde rundt 120 billettar til Karsten og Petra, og me reknar med at Doktor Proktor blir nær full sal. Det er klart, når me får Bulle på besøk så trekkjer det ekstra. Den store kinodagen er årets høgdepunkt for oss. Me legg mykje i dagen og ønsker å vise oss fram, seier Luksengard.

Frå scene til skjerm

Ved døra til storesalen har Noraker stilt seg opp for å rive billettane til Doktor Proktor-sjåarane.

– Kan venninna vår få nummeret ditt? spør to jenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strålande forsvinn dei inn i salen med Bulle sitt Snap-namn trygt lagra i telefonen.

– Eg kjenner Bulle! skryt ein liten gut til ein annan der dei med stjerner i auga krinsar rundt Noraker i døra.

Lysa i kinosalen dempast. I den eine augneblinken står Eilif Hellum Noraker der, like framom publikum på scena. I den neste er han Bulle på skjermen, raudhåra og midt inne i eit tidseventyr. Snurr film!