Ti år gamle Iman på asylmottaket i Hemsedal blir portrettert i dokumentarserien «Modig» som blir sendt på NRK Super. (Presse
Ti år gamle Iman på asylmottaket i Hemsedal blir portrettert i dokumentarserien «Modig» som blir sendt på NRK Super. (Presse

Modige Iman

Tysdag 14. februar sender NRK Super dokumentaren om ti år gamle Iman Yassin frå Hemsedal.

Iman bur på asylmottaket i Hemsedal. Ho veit ikkje om ho får bli i Norge og er redd for kva som kan skje om ho, søstera og mora, blir sendt tilbake til Irak.

Programmet er del av serien «Modig», ein dokumentarserie i sju program, der eit TV-team portrettert flyktningbarn med ulik bakgrunn og historie. Før jul var TV-folka i Hemsedal for å følgje Iman.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK gjorde opptak på Hemsedal skule og på kulturkvelden «Meet Dance Eat» i kultursalen, der Iman både skulle vere konferansier og debuterte som konsertpianist. Ho elskar å spele piano, og har lyst til å bli pianist eller pianolærar når ho blir vaksen.