Mjelva nominert
Norsk-svensk folkemusikksamarbeid kan ende med pris.
Nyleg tevla dei om Spellemannprisen. Den fekk dei ikkje, men folkemusikarane Olav Luksengård Mjelva og Erik Rydvall kan sikre seg to svenske prisar i løpet av februar.
Hardingfelespelaren Mjelva og svenske Rydvall på nyckelharpe spelte i fjor inn plata «Isbrytaren» i Ål kyrkje med teknikar Tor Magne Hallibakken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Plata blir lagt merke til også i Sverige, og duoen er nominert i kategorien «Folk» når den uavhengige bransjprisen Manifestprisen blir delt ut i Stockholm 7. februar.
Mjelva og Rydvall er også nominert som «Årets utgjeving» når Folk & Världsmusikgalan går av stabelen i Norrlands Operaen 21. februar.