Knut Medhus starta opp drifta av ljåsmia i 1915. I høve 100 årsjubileet gjev Osvald og Knut Medhus ut ei bok om smia.
Knut Medhus starta opp drifta av ljåsmia i 1915. I høve 100 årsjubileet gjev Osvald og Knut Medhus ut ei bok om smia.

Minnesmerke over ljåsmie

I år er det 100 år sidan Knut Medhus starta Medhus ljåsmie.

I høve jubileet kjem no boka om smia i Hol.

Boka er skrive av Osvald Medhus saman med nevøen Knut. Gjennom 59 sider med historie og bilete dokumenterer dei historia om ein av dei mange ljåsmiene i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kunnskapen forsvinn

Dermed er historia om ljåsmiene som spelte ei sentral rolle i Hol dokumentert for ettertida.

I dag kjenner langt frå alle historia. Difor er ei bok viktig, trur Osvald og Knut Medhus.

– Etter kvart som åra går, forsvinn kunnskapen om dette, seier Osvald Medhus.

Det var far hans, Knut, som starta opp i 1915. Seinare overtok han og broren Pål drifta. Her laga dei ljåar, knivblad, slireknivar og smijern. Det var lenge gode tider for dei dyktige smedane, og på det meste var 14 ljåsmier i drift i Hol.

– Å vere smed var eit prestisjefylt yrke. Ein godt utdanna smed var respektert, seier Medhus.

Ein hyllest

I 1930-åra nådde dei toppåra.

Sidan gjekk det nedover. Etter andre verdskrig vart jordbruket meir og meir mekanisert. Maskinene kom for fullt. Då var det ikkje lenger livsgrunnlag for smiene.

– At noko overtok for ljåen vart lenge sett på som umogleg, seier Osvald Medhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Medhus vurderer boka som no er klar til å vere eit «forsiktig minnesmerke» over ljåsmiene.

– Små historier har lett for å bli borte. Dette er ein hyllest til dei som slite med dette, seier han.

I den gamle smia er det no eit lite museum for dei som vil sjå. Til våren planlegg dei open dag.