... Men ikkje på Facebook
Her ligg videoen «Topplaus Amerikanar» på niande plass.
Alle Hallingdølens videoar vert publiserte både på ei videoplattform kopla opp mot nettsida hallingdolen.no, og på Facebook.
I kraft av sosiale medium
På Facebook-sida finst tal og toppliste for heile 2016. I tillegg til«Topplaus Amerikanar» har også fleire av dei andre videoane med høge visningstal på videoplattforma, lågare tal på Facebook. Dette syner tydeleg nedslagskrafta til sosiale medium, då topp-videoane jamt over er av typen som treffer eit breitt publikum og som freistar til vidare deling via forum, interesse-sider og private profilar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Topp 5
Videoen om rallycross-førar Sondre Evjen og vegen mot EM vart publisert i april, og har sidan nådd 20.619 visingar. Gjennom delingar og «likes» har innlegget nådd 48.809 personar, og toppar med det lista over mest sette videoar på Facebook-sida til Hallingdølen i 2016. Her er topp-5-lista:
1)«Siktar mot EM»– 20.619 visingar
2)«Spesialist på å trimme motorar»– 17.969 visingar. Knut Vebjørn Sveinunggard har fiksa på alt frå bubilar til racerbilar, og har kundar frå heile verda.
3) «Skarverennet 2016» – 15.452 visingar. Promoklipp for Hallingdølen si sending frå Skarverennet 2016.
4) «Draumedama 2016» – 14.864 visingar. Kjellaug Solbakken vann den gjæve tittelen under Bra damer-festen i Hallingdal Feriepark.
5)«Full rulle i Ål»– 12.818 visingar. Anir Bråten (12) med hjelmkamera i sykkelløypa under Hillbilly Huckfest 2016.