Kommunelege Harald Lystad og ordførar Oddvar Grøthe med fortenestemedalje-diplomet mellom seg og alpinanlegget bak. Kva passar vel betre for ein spesialist i skiskadar?
Kommunelege Harald Lystad og ordførar Oddvar Grøthe med fortenestemedalje-diplomet mellom seg og alpinanlegget bak. Kva passar vel betre for ein spesialist i skiskadar?

Medalje til landsbylegen

Han kunne pensjonert seg, men jobbar like fullt. Hemsedals eigne Harald Lystad er heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Det var ein rørt Harald Lystad som laurdag tok imot Konges fortenestemedalje i sølv, under ein middag i regi av hemsedalordførar Oddvar Grøthe.

Rørt

– Det var i meste laget av godord, dette her. Eg set stor pris på alt som er sagt, smiler ein tydeleg rørt Lystad etter å ha fått både Kongens fortenestemedalje i sølv og mange fine taler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han takka alle inviterte, og spesielt kona Tove Lystad, før han fortalde korleis han hadde fann henne:

– Eg sat på eit fly heim att etter ein handballkamp i 1969. Eg tenkte – sjå den stilige dama der. Eg måtte kjempe litt for å finne ut kven ho var og kor ho var ifrå, men eg fekk ho på kroken og i 1970 forlova me oss, smiler han mot kona.

– Me kom til Hemsedal den 17. Mai 1974. Det var flott vêr, grønt på trea, snø i fjella og med alle bunadane og norske flagg var reine hallelujastemninga. Det avgjorde saka om at her ville me bu. Hadde det vore ein av dei andre 17. mai-ane dei neste 40 åra, hadde me nok ikkje flytta hit, ler han. Dei skulle berre bli verande til ungane begynte på skulen. Det vart utsett til ungane var ferdige på skulen, eller kanskje vidaregåande. Men ekteparet er her enno.

– Tove ville så gjerne at me skulle flytte nedover til tønsbergtraktene, for ho ville bu nær sjøen, seier han. Tre gonger har han søkt stilling i Vestfold, og tre gonger har han fått jobben.

– Men mareritt om natta om korleis han skulle få dei skiskadde pasientane opp i heisen og inn på legekontoret har sett stoppar for flytteplanane, fortel Lystad, til latter frå gjestene.

Samarbeid

Lystad har opp igjennom tida vore engasjert både i idrettslaget og på golfbanen.

Tom Kvinlog var den som fekk han inn i idrettslaget i 1989. Han ville ha Lystad inn som viseformann. Det takka han ja til. Sidan var han formann i nokre år, og desse to karane har drege i gang fleire arrangement som World Cup og Jr. VM. Dei var også medverkande årsak til at han var nestkommanderande i saniteten i Kvitfjell og sanitetssjef i Hafjell under OL på Lillehammer i 1994.

Då han vart spurt om å vera formann i Hemsedal Golfklubb i 1994 svara han at golf var det verste han visste. Men han vart med etter litt overtaling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er der enno, ler han.

Var uvitande

Å få medaljen kjennest godt, men kom som ei overrasking, smiler ein særs fornøgd Harald Lystad.

Han visste om ein søknad som vart sendt i 2001, men ikkje denne. Det er spesielt arbeidet hans med skiskadar og førebygging av ulykker som vart avgjerande.

– Det som er så interessant med skiskadar og førebyggande arbeid, er at me etter litt tid ser resultatet av det me gjer. For nokre år sidan var det eit hopp i bakken som hadde rundt 50 skader, og eitt med berre fire. Då reiste me opp i lag med skipatruljen for å sjå kva forskjellen var. Det viste seg å vera farten. Me fekk seinka farten noko, og då gjekk også talet på skader ned, fortel Lystad.

Stoppa arrangement

Han har ikkje berre sett i gang arrangement, han har også fått stoppa dei.

– Det var nokon som ville arrangere Chinees downhill her i Hemsedal. Det betyr at 60 personar startar på toppen samstundes, og så står det ei halvnaken berte i botn av bakken og deler ut ein sjekk på 10.000 kroner til fyrstemann i mål, forklarar han. Når han fekk høyre om dette løpet, såg han for seg at nr. fire datt, og var overkøyrd av dei 56 som kom bak. Legen fekk stoppa heile arrangementet.

Biten av slalåmbasillen

Lystad hadde aldri vore i ein slalåmbakke før han kom til Hemsedal. 1. mai i 1975 stod han slalåmski for første gong.

– Eg vart heilfrelst, og sa til meg sjølv at dette skal eg gjere meir av. Det som var så synd var at det var siste dagen i bakken for sesongen, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis kom interessa for registrering av ski- og alpinskadar?

– I 1981 var det ein dr. Ekeland som var i Hemsedal og sjekka skibindingane til alpinistar, for sjå om dei var riktig innstilt. Dette gjorde at eg sjølv starta med å registrere skader og bindingsinnstillingar, og det har eg halde fram med sidan. I desember 2015 vart skade nummer 20.000 registrert ved Hemsedal legekontor, fortel Lystad.

– I byrjinga av 90-åra sat eg i heisen og høyrde ein gutunge seie: eg må å øve på å køyre utan hjelm for neste år er eg gamal nok til å køyre utan. Då tenkte eg at dette måtte det gjerast noko med. Det var Syversbråten Sport som leigde ut hjelmar og utstyr den gongen.

– Eg gjekk til han og fekk «truga» han til å gje meg hjelmane, og fekk etter kvart også hjelmar frå eit forsikringsselskap, som vart lånt ut gratis, fortset Lystad.

I Hemsedal brukar no nesten 95 prosent av alpinistane og 90 prosent av brettkøyrarane hjelm.

Seinast i påska i år hadde Lystad igjen vore i skiheisen og rekna hjelmar. 90 prosent brukte hjelm. Dei som køyrde utan var stort sett vaksne menn.

Handleddsbrot

No er det handleddsbrot blant brettkøyrarar Harald Lystad konsentrerer seg mest om. I denne gruppa er det mange skadar.

– Me har laga ein plakat der du ser ein som sit på do med begge handledda gipsa. Han ropar på mor si at no kan ho koma og tørke han. Me må få snøbrettkøyrarane til å endre innstilling og begynne å bruke handleddsbeskyttarar. Då får me ned desse skadane, seier Lystad engasjert.