Kristian Iversbu (15), Pernille Hox (15), Egill Grønneberg (16), Sturla Storemyr (15), Jonas Kjærnes (15), Guro Mong Larsen (17), Casper Mass (17). Framfor f.v.: Andrea Sandnes (13), Rebekka Pedersen (13), Lydia Heier (13), Oda Eline Kristiansen (17) og Kaja Cecilie Sjølberg (15).
Kristian Iversbu (15), Pernille Hox (15), Egill Grønneberg (16), Sturla Storemyr (15), Jonas Kjærnes (15), Guro Mong Larsen (17), Casper Mass (17). Framfor f.v.: Andrea Sandnes (13), Rebekka Pedersen (13), Lydia Heier (13), Oda Eline Kristiansen (17) og Kaja Cecilie Sjølberg (15).

Med lovsong og afterski

Over 200 ungdommar deltek på Skjærsgårds Vinter i Ål.

Det er tredje året med Skjærgårds Vinter på Ål. I år er over 200 forventingsfulle ungdommar påmeldt. Dei gler seg til å bruke dagane i slalåmbakken og kveldane på afterski, konsertar, møter og quiz.

– Dette er eit samarbeid mellom den lokale kyrkjelyden, Skjærgårdsgospel og Gullsrud booking. Skjærgårdsnavnet er alt kjent i kristen samanheng, forklarar Ingrid Øygard, som jobbar i Skjærgårdsfestivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjærgårdsfestival i fjellet begynte med ein engasjert gjeng som ville ha festival også på vinterstid. Dermed vart det lagt til ei feriehelg på vinteren, med Ål som utgangspunkt.

– Her er det både eit godt skianlegg og høve til langrenn for dei som vil det. I tillegg har ein Ål sentrum, med både konsertlokale og kafear. Så då blir det noko for kvar ein smak, smiler Øygard.

Afterski for alle

– Ungdommane som deltek har kjøpt billett til heile arrangementet, men afterskien er open for alle. Den har me i Hillbilly Huck-låven bortanfor bakken, seier Øygard.

Helga, som begynte torsdag ettermiddag, er spekka med forskjellige aktivitetar. Med møte, kaféar med quiz og andre konkurransar, konsertar der dei begynnar med lovsong og tale, og nattkonsertar. Det heile blir avrunda med ein gudsteneste sundag.

Fredags- og laurdagskvelden blir det konsertar med blant anna Kløver & Skarre R, Safari, Philippa Hanna og Chip Kendall band. I tillegg blir det nattkonsert med Trygve Skaug.

Skjærgårdsfestivalen har tatt med mange av elementa frå den populære sommarfestivalen deira.

Høge forventingar

– Dette trur eg blir kjempebra, utbryt Pernille Hox, (15). Heile gjengen frå Fredrikstad nikkar

– Ja, eg var her i fjor, og det var kjempekjekt. Håpa jo at det blir minst like kjekt i år, legg Sturla Storemyr, (15) til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei trur nok at dei ender opp trøytte og slitne etter ei knallhelg.

– Eg var også her i fjor. Det var utruleg bra, og trur det blir like meiningsfylt denne gongen, seier Rebekka Pedersen (13).

- Eg gler meg til fine møter og konsertar, fortel Elin Boine (17).

Fulle av energi

Gjengen rundt bordet er alle gira. Nokon meir enn andre.

– Jonas er utruleg klar for i kveld og resten av helga, smiler Pernille Hox.

– Ja, eg har masse energi, nikkar Jonas Kjærnes (15).

- Eg håpar konserten med Safari blir bra. Pappa er veldig klar for den, han elskar slik musikk, fortel Rebekka Pedersen.

Så langt har arrangementet svart til dei forventingane ungdommane har.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På bussturen heim sundag skal me berre slappe av, og kose oss med korleis me har hatt det i helga, trur Lydia Heier (13).