Med håp om eit betre liv etter døden
Utstillinga «Forvandlinga – tru og heilage gjen- standar i mellomalderen», syner kyrkjeleg kunst som gav menneska håp i ein vanskeleg kvardag.
I mellomalderen var livet tøft. Men som gode kristne, fekk folk håp om eit betre liv etter døden.
Kyrkjerommet vart før reformasjonen utsmykt som eit lite paradis. Det skulle gi folk ein forsmak på kva som venta dei på den andre sida. Rommet var rett og slett eit lite stykke himmel senka ned på jorda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Helgenane var viktige. Dei var Guds heilage menn og kvinner. I kyrkjene vart dei presentert i form av skulpturar og måleri. Folk bad og ofra til dei for å få hjelp og nåde.
Mange av desse heilage gjenstandane og skulpturane er skadde eller prega av elde. Likevel strålar dei i sin unike prakt. Noko er kanskje skadd med vilje – for å ramme og øydelegge? Andre skulpturar har skade etter gjentatt berøring. Til alt hell vart dei stua bort her til lands, i staden for å bli destruert, slik det var vanleg mange andre stader i Europa.
No er fleire av dei norske gjenstandane plukka fram frå magasin og stilt ut i Historisk museum.
Krusifikset frå Tretten kyrkje i Oppland er frå 1300-talet og var nok veldig viktig. Treverket er polert av hender og kanskje også lepper. Mogleg hadde krusifikset også ein relikvie gøymd i seg? Ein nagle frå korsfestinga eller ein bit av Kristi kross? I øvre del av det slitne området kan det nemleg sjå ut som om det er ein kvist som er plugga att.
Slike relikviar er funne i andre krusifiks og madonna-skulpturar i Europa.
Utstillinga byggjer på to forskingsprosjekt som ser på tilhøvet mellom kyrkje og menneske i mellomalderen. Mellomalderen vara frå Olav Haraldssons død på Stiklestad i 1030 til reformasjonen kom i 1537.
{{facts}}
.
Artikkelen held fram under annonsen.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.
* I den vakre Art Nouveau-bygningen like ved Slottet ligg Historisk museum, opna i 1904. Her er Norges største samling av gjenstandar frå forhistorisk tid og mellomalder. Mellom mumiar og stavkyrkjeportalar finn ein verdskultur alle dagar – utanom måndagar.
* Kulturhistorisk museum er ein del av Universitetet i Oslo og består av Vikingskipshuset på Bygdøy og Historisk museum på Tullinløkka.
* Me snakkar om eit levande forskingsmuseum med arkeologi, konservering, dokumentering, numismatikk, runologi og museologi.
* Historisk museum er under renovering, men på innsida er alt som vanleg.