Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen spelar i Geilo kulturkyrkje. (Pressefoto)
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen spelar i Geilo kulturkyrkje. (Pressefoto)

Mangfald med Hulbækmo og Jacobsen

Sundag held Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen konsert i Geilo kulturkyrkje.

Dette er to musikarar som har over 30 års fartstid som folkemusikarar og verdsmusikarar.

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen byr på ei allsidig og variert musikalsk forestilling. Varemerket deira er musikalsk mangfald både når det gjeld repertoar og instrument. Stikkord: Folkemusikk, viser, mellomaldermusikk og ?eirkulturelle uttrykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

På konserten vil dei framføre eigne melodiar til tekstar av lyrikarar som Halldis M. Vesaas, Ove Røsbak, Hans Børli, Alf Prøysen og Erik Bye. Det blir norsk folkemusikk i personlege tolkingar, gjerne blanda med musikk frå andre kulturar dei har lært på sine mange turnear rundt i verda.

I vår kom Tone Hulbækmo med si nye sjangeroverskridande og kritikarroste plate «Sti?nner». Det blir smakebitar herifrå i konserten. Musikarane likar å halde ein uhøgtideleg og humoristisk stil, gjerne med historier om stoffet.

Tone Hulbækmo syng og spelar harpe, lyre og harmonium. Hans Fredrik Jacobsen spelar ?øyter, gitar og torader.